Surt
Surt er med på å nøytralisere smaken av råvarer med mykje søtleik. Her blir det òg skapt balanse, og den sure smaken blir flytta rundt på tunga når vi tilset andre smakar.
Dei syretypane vi nyttar mest på kjøkkenet, er sitron, lime, eddik og vin. Desse er med på å skape balanse opp mot til dømes smør, kjøt og søte eller bitre råvarer.
Syre er noko du kjem til å nytte mykje for å komplettere maten din og når du smaker han til. Derfor er det viktig å vite kvar du finn naturleg syre i råvarene, og kvar du må tilsetje syre fordi råvara ikkje inneheld det. Eit godt døme er bakte rotgrønsaker. Dei har mykje søtleik, og dei smaker faktisk meir søtt og får meir smak viss vi tilset syre før servering.
Kjenn etter
Du har heilt sikkert tenkt på noko surt og kjent at munnen din gjer seg klar for syre. Kan du beskrive kva som skjer inni munnen din når du tenkjer på sitronjus, limejus og kvitvineddik?