Hopp til innhald
Film og filmklipp

Søtt

Du er fødd til å like søtt og søtleik. Vi liker det søte fordi den første næringa vi får, har søtsmaken i seg. Morsmjølk er søtt, og du hugsar sikker at saft var betre enn vatn. Men smaken er i stadig utvikling.
Video: Moxey AS / CC BY-SA 4.0

Du kan nytte søtleik i matlaginga for å skape balanse i smaken. Søtleik kjem i mange ulike former. Det vi nyttar mest, er sukker, honning og sirupar frå planteriket.

Vi balanserer ofte søtleik mot surt eller bittert. Søte retter som vi tilset litt salt, vil ofte få ein djupare søtsmak fordi vi flyttar smaken frå framme på tunga der vi smaker søtt, og bakover på tunga der vi kjenner saltsmaken.

Utfordre smaken din ved å utføre ulike smakstestar med søtleik:

  • Kva smaker mest søtt: honning eller kvitt sukker?
  • Kor mykje sukker må du ha for å balansere den sure smaken av 2 ms eddik?
CC BY-SA 4.0Skrive av Frode Selvaag.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2020