Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppgåve: fleirrettars meny

Profesjonelle kokkar bruker lang tid når dei skal setje saman ein meny som består av fleire rettar. Smak, farge, konsistens, mettingsgrad og samanheng mellom rettane er noko av det som må planleggjast.
Kveite med graslaukolje pynta med blomstrar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne oppgåva kan gjennomførast anten som gruppeoppgåve eller som individuell oppgåve. Faglærar avgjer kor mange rettar som skal lagast, og kor mange personar det skal lagast mat til.

Oppgåve 1. Sjå film

Sjå filmen nedanfor, som beskriv ein seksrettars meny. Noter det viktigaste kokken seier om kvar rett. Legg merke til korleis retten ser ut, og korleis elementa er plasserte på tallerkenen.

Les artikkelen som høyrer til filmen. Du finn han under Relatert innhald.

Oppgåve 2. Planleggje

Bruk det vedlagde oppskriftsheftet. Planlegg å lage nokre av eller alle seks rettane. Viss ikkje skulen har tilgang til alle råvarene, finn faglærar alternativ du kan nytte.

Oppgåve 3. Gjennomføre

Lag rettane du har planlagt. Prøv å få dei til å likne mest mogleg på rettane i filmen. Faglærar avgjer kor mykje tid du har tilgjengeleg, og kor mange personar du skal lage mat til.

Oppgåve 4. Evaluere

  • Synest du rettane du laga, vart som beskrive i filmen/artikkelen?
  • Kva for ein av rettane er du mest fornøgd med?
  • Kva var det mest utfordrande ved å lage denne fleirrettars menyen?

Seksrettersmeny_NN

Relatert innhald

Når du skal lage ein rett, bør du tenkje gjennom følgjande: Kva ønskjer du å oppnå med denne retten, og kva ønskjer du at han skal smake?

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2020

Læringsressursar

Sensorikk