Hopp til innhald

Fagstoff

Bittert

Du hugsar sikkert første gong du smakte noko bittert, til dømes kaffi eller grapefrukt. Sannsynlegvis likte du ikkje den bitre smaken då.

Bittert er ein av grunnsmakane vi må trene oss opp til å like. Det har ei naturleg forklaring: Vi smaker bittert bakarst på tunga, rett før svelget. Der har vi ein refleks som fortel oss at bitter smak er farleg. Det kjem av at i planteriket er giftige ting bitre.

Derfor må du trene på å like bitter smak. Ofte trener vi ved å tilsetje ein annan grunnsmak saman med det bitre, slik at det skal smake mindre bittert og vere lettare å like. Eit godt døme er kaffi, som blir mindre bittert saman med søtleik. Med ein sukkerbit ved sida av blir det derfor lettare å like kaffi.

Eit anna døme er bitter sjokolade. Ekte rein sjokolade med meir enn 60 % kakaobønner vil vi oppleve som bitter. Men saman med salt endrar smaken seg. Då flytter nemleg smaken seg framover på tunga, slik at du fangar opp litt av søtleiken som også finst i sjokoladen. Eventuelt kan du nytte den bitre sjokoladen saman med sukker, egg og fløyte i ein sjokolademousse. Då får du endra det bitre til å smake meir søtt, og du skaper balanse i munnen.

Nokre bitre øvingar

  1. Del ei grapefrukt i bitar. Korleis smaker grapefrukt om du tilset salt, sukker eller appelsinsaft? Kjenner du nokon forskjellar?
  2. Bitterheit i grøn te er ofte ein smak du må trene på å like. Lag deg ein kopp te, og smak han først slik han er, så med mjølk og så med sukker. Kva er best?


CC BY-SASkrive av Frode Selvaag.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2020

Læringsressursar

Sensorikk