Umami
Umami smaker du med heile tunga, så det er mange som beskriv det som at smaken fyller munnen og fører til at du vil ha meir og meir av det du smaker på. Det kan forklare at mat med mykje umami er lett å like, og at smaken gjer at vi ikkje klarer heilt å stoppe å ete.
Du kan tilføre umami i ein rett for å skape ein meir komplett smak og fylle munnen med smak. Eit døme er pasta med steinsopp, der du i tillegg riv over parmesan. Du vil oppleve det same med rå fisk, som sashimi, som du dyppar i soyasaus. Soyasausen inneheld mykje umami og salt.
Innan vegansk matlaging nyttar du gjerne selleri eller tare for å skape umamismak. Derfor nyttar vi gjerne tare i veganske krafter til supper og sausar.
Beskriv umami
Du bør finne din eigen måte å beskrive umami på. Det finst mykje smak av umami i sopp, varmebehandla tomat, raudt kjøt, selleri og parmesan. Smak på noko av dette, og prøv å beskrive kva du føler.