Oppgåve
Lage mat utan salt
I matlaging er salt viktig, både som smaksforsterkar og for å gi den saltsmaken mange set pris på. Men er det mogleg å lage smakfulle rettar utan salt?
Gå saman i grupper på tre eller fire.
I denne oppgåva skal de lage ein rett beståande av steikt kjøt, grønsaksgarnityr, potetgarnityr og ein saus. De må passe på at dei ulike delane i retten harmonerer med kvarandre. De kan nytte ulike typar krydder og urter som finst på kjøkkenet, men ikkje salt eller sausar/krydder som inneheld mykje salt (til dømes soyasaus eller grillkrydder).
Set opp ein meny, og planlegg gjennomføring av oppgåva.
Lag den planlagde retten på den tida faglærar har sett av til oppgåva.
Server retten gruppa di har laga, til ei av dei andre gruppene.
Dei som et, skal vurdere retten ut frå følgjande kriterium:
- Kva kan du seie om dei ulike delane av retten (kjøt, grønsaksgarnityr, potetgarnityr og saus). Kva smaker dei?
- Korleis harmonerer dei ulike delane av retten med kvarandre?
- Er det nokon av delane du føler at manglar smak?
- Kva var den største utfordringa ved å lage ein rett utan salt?
- Kva delar av retten meiner de ville ha vorte mykje betre viss de hadde fått nytte salt?
- Er det nokon av delane de vart ekstra fornøgde med smaksmessig?