Film og filmklipp
Salt
Salt er du nok godt kjend med. Det er viktig for å skape balanse mellom smakar og for å forsterke andre smakar. Det er nesten som om saltsmaken vekkjer dei andre smakane og førebur munnen på det som kjem.
Dei mest nytta salttypane er bordsalt, fint og grovt havsalt og dessutan flaksalt som Maldon og Havsnø (norsk).
Salt bør vi generelt nytte mindre av. For mykje salt kan nemleg føre til hjarte- og karsjukdommar. Bransjen har derfor arbeidd bevisst for å redusere mengda salt i ferdigmat.
Det er ofte slik at jo meir salt du nyttar, jo meir ven du deg til å måtte ha. Derfor bør vi alle ha som mål å redusere saltforbruket ved å nytte andre smakar for å gjere maten smaksrik. Det kan vere friske eller tørka urter og smaksrike råvarer som inneheld mykje umami.
Salt er med på å bryte det bitre. Derfor passar det godt å nytte salt i ein bitter salat eller saman med grilla kjøt.
Tren med salt
- Test forskjellen mellom flaksalt og finkorna salt ved å smake på dei. Korleis opplever du dei på tunga?
- Salt fungerer fint saman med søtt. Lag ein kopp med søt varm sjokolade eller kakao, tilset litt salt, og kjenn korleis smaken endrar seg. Blir det meir eller mindre søtt?
- Salt får òg fram syre: Bland eddik og sukker i like mengder, og smak på blandinga. Tilset deretter litt salt, og smak ein gong til. Kva skjer med eddiksmaken/syra?