Hopp til innhald

Mettingsgarnityr

Mettingsgarnityret er den delen av måltidet som skal gjere deg mett, og det mest nytta er poteter, pasta, ris og brød. Det har òg vorte vanlegare å nytte andre typar mettingsgarnityr, som bønner, linser, couscous og polenta for å nemne nokre.

Pasta

Pasta er eit nøytralt mettingsgarnityr som passar saman med det meste av andre råvarer. Pasta kan serverast som tilbehøyr til kjøt eller fisk, i eigne pastarettar, i salatar og i supper.