Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis lage pasta?

Pasta finst i ei mengde ulike former og med ulike namn. Lagar du deigen sjølv, kan du variere både form, farge og smak.
Ein person rører med gaffel i ei mjølgrop med egg i midten. Foto.

Oppskrift på fersk pastadeig

  • 250 g kveitemjøl (gjerne halvparten durumkveitemjøl eller tipo 00-mjøl)

  • 0,5 ts salt

  • 2 egg

  • 3 eggeplommer

Vi kan blande deigen på ulike måtar:

For hand

Ha alt mjølet i ein haug på bordet. Lag ei grop i midten og ha salt og eggeplommer i gropa. Bruk fingrane eller ein gaffel til å blande inn litt og litt mjøl i eggeplommene. Når du har fått blanda inn alt, nyttar du hendene til å elte deigen litt slik at han blir smidig.

I kjøkkenmaskin

Ha alle ingrediensane i bakebollen og rør det raskt saman ved hjelp av deigkroken.

Med foodprosessor

Ha alle ingrediensane i ein foodprosessor og køyr saman. Då får du ein smulete deig som du deretter heller ut på benken og knar saman med hendene.

Kvile

Etter at deigen er blanda, pakkar du han inn i plast og let han kvile i cirka 30 minutt på kjøl. Deigen kan òg stå på kjøl nokre timar lenger, men då bør du ta han ut ein halvtime før utkjevling slik at han er mjuk å jobbe med.

Utkjevling

Til utkjevlinga nyttar vi ei pastamaskin. Strø gjerne litt mjøl på bakebordet og eventuelt litt på deigen om han er klistrete.

  1. Start med den største innstillinga på maskina. Form pastadeigen til ein liten firkant slik at du får han til å passe i inntaket. Køyr deigen gjennom.

  2. Still maskina på eit hakk tynnare, og køyr deigen gjennom på ny. Ta deretter endå eit hakk tynnare og køyr gjennom på ny.

  3. No kan du brette inn kantane på begge endene av deigen, setje innstillinga tilbake til den største innstillinga og køyre gjennom ein gong til. Då får du ein jamn og smidig pastadeig med rette kantar.

  4. Hald fram med å setje innstillinga tynnare og kjevle gjennom dei ulike innstillingane til deigen har fått den tjukna du ønskjer, avhengig av kva slags type pasta du vil forme deigen til.

Viss du skal oppbevare pastaen litt før bruk, er det lurt å strø han med litt durumkveite eller semule slik at han ikkje klistrar seg saman.

Pastadeig på veg gjennom pastamaskin. Foto.

Farga pasta

Det kan vere gøy å farge pastaen. Når du tilset ekstra væske i deigen, må du òg tilsetje litt ekstra mjøl.

Raud pasta

Bak cirka 100 gram raudbete i omnen til det er heilt mørt. Passer beten gjennom ei sikt. Tilset betemosen i grunnoppskrifta til pastadeigen. Tilpass deigen med litt ekstra mjøl.

Grøn pasta

Trekk 100 gram fersk spinat i cirka 1 dl vatn under lokk. Hell av vatnet og køyr spinaten i ein blender slik at det blir ein mos. Tilset spinatmosen i grunnoppskrifta til pastadeigen. Tilpass deigen med litt ekstra mjøl.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2023

Læringsressursar

Pasta