Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva slags mjøl føretrekkjer du?

Orda pasta betyr eigentleg "deig". Av denne deigen kan vi lage mange matretter. I denne oppgåva skal du undersøkje om det blir nokon skilnad på pastadeigen når du nyttar vanleg kveitemjøl og når du nyttar mjøl av durumkveite. I tillegg skal du lage ein tradisjonell italiensk pastasaus.
Pastadeig på veg gjennom pastamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Nokre føretrekkjer durumkveite når dei lagar fersk pasta, andre føretrekkjer kveitemjøl eller ei blanding. I denne oppgåva skal du lage ein pastadeig med kvar av mjøltypane og undersøkje om det blir nokre skilnader.

  1. Lag ein porsjon pastadeig ved å berre nytte vanleg kveitemjøl.

  2. Lag ein porsjon pastadeig ved å berre nytte mjøl av durumkveite.

Ta utgangspunkt i denne grunnoppskrifta på pastadeig:

250 g kveitemjøl
0,5 ts salt
2 egg
3 eggeplommer

Ha alle ingrediensane i ein foodprosessor og køyr saman. Då får du ein smulete deig. Hell ut deigen på benken og kna han saman med hendene. Etter at deigen er blanda, pakkar du han inn i plast og legg han til kviling cirka 30 minutt på kjøl før du kjevlar han ut på pastamaskina.

Vart det nokon skilnad på desse deigane? Tenk på tekstur og utsjånad.

Oppgåve 2

Pasta carbonara og pasta bolognese er to tradisjonelle pastarettar frå Italia. Vel deg ein av desse rettane du har lyst til å lage, og finn oppskrift. Lag sausen.

Oppgåve 3

Bruk ei pastamaskin til å lage tagliatelle av begge dei to deigane dine.

Samanlikn dei to ulike deigane når dei er ferdig kokte. Er det nokon skilnad på pasta laga med durumkveite og pasta laga med vanleg kveite? I så fall, kva er skilnadene? Tenk på til dømes konsistens og smak.

Server den kokte pastaen med sausen du har laga.

Relatert innhald

Pasta finst i ei mengde ulike former og med ulike namn. Lagar du deigen sjølv, kan du variere både form, farge og smak.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2021

Læringsressursar

Pasta