Hopp til innhald
Film og filmklipp

Variantar av pasta

Ein pastadeig kan varierast i det uendelege. Her er ei oversikt over dei vanlegaste pastatypane og rettar du kan lage av dei.
I denne videoen viser kokkane korleis du kan lage ravioli, tortellini og tagliatelle. Video: Amendor AS / CC BY-SA 4.0

Lasagne

Når du lagar fersk pasta og kjevlar ut i maskina, er det første du gjer, å lage lasagneplater. Lasagne kan lagast på fleire måtar, og den mest kjende er kanskje den omnsbakte med béchamelsaus og kjøtsaus.

Bruk eit eldfast fat og ha litt béchamelsaus i botnen. Legg eit lag med lasagneplater. Hell kjøtsaus over, deretter béchamelsaus og dryss parmesanost over. Gjenta dette til fatet er nesten fullt. Avslutt med béchamelsaus og riven ost. Steik lasagnen i omn til innhaldet koker og osten er gyllen.

Cannelloni

Til cannelloni kjevlar du ut deigen som til lasagneplater og delar han i mindre rektangel som blir kokte i lettsalta vatn. Avkjøl rektangla, og legg dei utover på eit klede. Fyll kvart rektangel med ei kjøtstuing, og rull pastaen rundt stuinga slik at du får fine sylindrar. Gratiner i omnen med kvit saus og/eller ost.

Ravioli

Ravioli er ein type fylt pasta forma som små puter. Kjevle ut ein lang leiv med pastadeig, og bruk ei skei til å leggje på fyllet med jamne mellomrom på halve sida av leiven. Fyllet kan vere basert på kjøt, grønsaker eller ost.

Pensle kantane med vatn, og løft den andre sida av leiven over. Trykk deigen forsiktig rundt fyllet og skjer ut fine puter, eller bruk ei utstikkarform. Kok raviolien al dente og server med ein saus som passar til fyllet.

Tortellini

Tortellini er pastaputer som er forma som ein trekant og deretter som ein ring. Elles har tortellini same framgangsmåte som ravioli.

Spagetti

Spagetti er pasta forma som strimlar. Start med å kjevle ut deigen til lasagneplater i pastamaskina. Kutt platene i ønskt lengde, og set på den innsatsen som lagar spagettistrimlar. Kok spagettien al dente og server med saus og garnityr etter kva oppskrifta krev.

Trådnudlar

Trådnudlar har same form som spagetti, men er noko tynnare. Elles har trådnudlar same framgangsmåte som spagetti.

Bandpasta

Det finst fleire variantar av bandpasta. Tagliatelle og papardelle er to kjende variantar. Tagliatelle blir laga på same vis som spagetti på pastamaskina, men i staden for å velje innsatsen som lagar spagetti, vel du den breie varianten.

Papardelle er ein mykje breiare variant, og han blir laga ved å kjevle pastadeigen til lasagneplater først, som så blir kutta i ønskt lengde. Dryss over litt mjøl og rull heile lengda saman. Kutt så i remser med ei breidde på 2–3 cm med ein kniv.

Industriframstilt pasta

Makaroni, penne, fusilli og rigatoni er døme på vanlege pastavariantar som finst i handelen. Desse er laga på industrimaskiner og er vanskelege å få til på vanlege pastamaskiner. Dei blir kokte al dente og serverte med saus og garnityr etter kva oppskrifta krev.

CC BY-SA 4.0Skrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2021