Pasta med fullkornsmjøl
I denne oppgåva skal du lage to ulike grove variantar av pasta.
Ta utgangspunkt i denne grunnoppskrifta på pasta, men byt ut delar av kveitemjølet med sammale mjøl som vist i oppgåve 1.
250 g kveitemjøl (gjerne halvparten durumkveitemjøl eller tipo 00-mjøl)
0,5 ts salt
2 egg
3 eggeplommer
Ha alle ingrediensane i ein foodprosessor og køyr saman. Då får du ein smulete deig som du heller ut på benken og knar saman med hendene. Etter at deigen er blanda, pakkar du han inn i plast og lèt han kvile cirka 30 minutt på kjøl før du kjevlar han ut på pastamaskina.
Lag ein porsjon pastadeig, men bruk 125 g sikta kveitemjøl og 125 g sammalen kveite fin (i staden for 250 g kveitemjøl).
Lag ein porsjon pastadeig, men bruk 200 g sikta kveitemjøl og 50 g sammalen kveite fin (i staden for 250 g kveitemjøl).
Samanlikn dei to deigane. Vart det nokon skilnad på dei? Tenk på utsjånad og tekstur.
Bruk ei pastamaskin og lag tagliatelle av begge deigane.
Kok tagliatellen til han er al dente.
Samanlikn konsistens og smak på pastaen laga av dei to deigane. Vart det nokon skilnad? Kva føretrekkjer du, og kvifor?
Legg inn grunnoppskrifta med berre fint mjøl og dei to oppskriftene med grovare mjøl i Kostholdsplanleggeren (lenkje ligg under relatert innhald).
Samanlikn næringsinnhaldet i dei tre deigane, og finn ut kor mykje fiber, vitamin og mineral dei ulike pastadeigane inneheld per 100 gram. Er det nokre skilnader?
Relatert innhald
Pasta finst i ei mengde ulike former og med ulike namn. Lagar du deigen sjølv, kan du variere både form, farge og smak.