Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fotooppgåver (teoretisk)

Kva er eigentleg blendar, lukkar, ISO og brennvidder? Svar på desse oppgåvene om foto.
Ungdom med fotokamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Beskriv kva lukkartid er.
  2. Kva for knapp på kameraet må du bruke for å justere lukkaren?
  3. Kva for lukkartid du må bruke for å fryse ei rørsle?
  4. Kva for lukkartid må du bruke for å få slør-effekt?
  5. Beskriv kva brennvidde er.
  6. Anslå kor mykje du vil få med på eit bilete med 18 mm i brennvidde samanlikna med 100 mm viss du skal ta bilete av ei rekkje med ti personar og du står 2-3 meter unna.
  7. Beskriv kva blendaren gjer.
  8. Forklar blendaropning og blendartal.
  9. Korleis påverkar blendaropninga djupna i biletet?
  10. Bør du ha stor eller lita blendaropning når du skal ta eit portrettbilete? Grunngi.
  11. Bør du ha stor eller lita blendaropning når du skal ta eit naturfoto med mykje djupne og detaljar? Grunngi.
  12. Kva gjer ISO?
  13. Kva slags ISO bør du bruke om du tar bilete ute i skarpt dagslys?
  14. Kva slags ISO bør du bruke om du tar bilete inne og det er litt mørkt?
  15. Kva må du hugse på når du skal ta bilete i studio?
  16. Kva kamerainnstillingar bør du bruke når du skal ta portrettbilete i studio?
  17. Kva lyssetjingsteknikk(ar) kjenner du til når det gjeld studiofotografering?

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2020

Læringsressursar

Foto