Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

På fotojakt

Øv på å stille inn kamera.
To hender som held eit fotoapparat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag

I dette oppdraget skal de jobbe saman to og to. Gå ut i naturleg lys og leit etter motiv. Bruk det de har lært om blendaropning og lukkartid.

  • Ta eit rett eksponert bilete med lang lukkartid.
  • Ta eit rett eksponert bilete med kort lukkartid.
  • Ta eit rett eksponert bilete med liten djupneskarpleik.
  • Ta eit rett eksponert bilete med stor djupneskarpleik.
  • Ta eit bilete med høg ISO (800 og oppover).
  • Ta eit bilete med låg ISO (100 og oppover).

Gjenta deretter same oppgåva innandørs. De bør ta 100–150 bilete til saman.

Diskuter dei utfordringane de møtte, med kvarandre.

Biletkritikk

Læraren samlar inn det beste biletet frå kvar gruppe, kommenterer dei i plenum og gir tilbakemelding på dei løysingane de valde. Biletkritikk er som regel anonym, slik at de ikkje veit kven av klassekameratane dykkar som har teke bileta som blir synte fram.

CC BY-SASkrive av Christina Listanco Einmo.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Foto