Oppgåve
Samanlikn biletkomposisjon
Kva komposisjon er best? Diskuter med medelevar og argumenter for synspunkta dykkar.
Se på desse to bileta av eit brudepar i skogen.
- Kva komposisjon synest du er best?
- Diskuter svaret med ein medelev. Bruk dei omgrepa de har lært om komposisjon til å begrunne synspunkta.
Når vi legg eit rutenett på dette biletet, ser vi at komposisjonen er noko utydeleg. Fotografen har prøvd å ta med for mange element, og dei kranglar om merksemda vår. Kva er hovudmotivet? Fossen, elva, det grøne, tomme området midt på biletet, eller horisonten?
Det som er lyst i eit bilete, trekkjer gjerne til seg blikket vårt. Korleis kan ein forenkle dette biletet for å framheve fossen? Kva er det som distraherer i biletet, og som bør eliminerast?
Sjå på dei nye komposisjonane under og diskuter med medelev:
- Kva komposisjon er best av utsnitt 1 og 2?
- Hugs å begrunne svaret dykkar.