Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fotomappe

Når du har lært litt om kameraet og funksjonane det har og lært om redigering, utsnitt og komposisjon, er det lurt å lage ei fotomappe på slutten av ein fotoperiode. Slik kan du samle og vise fram alle dei ulike bileta du har teke.
Person ser på bilete framfor ein skjerm. Foto.

Du kan bruke bilete som du har take i undervisninga, eller du kan ta nye bilete. Bileta skal vere tekne av deg dette semesteret. Mappearbeid viser breidda i kunnskapane dine og er ein god måte å vise kompetansen din og utviklinga di på.

I fotomappa skal du ha med

  • bilete som viser dei ulike kamerautsnitta
  • to portrett av menneske eller dyr
  • to studiobilete
  • eit bilete av ein bygning eller delar av ein bygning
  • eit naturbilete med minst tre lag
  • to augeblikksbilete /reportasjebilete
  • eit bilete med fryseffekt (kort lukkartid)
  • eit bilete med sløreffekt (lang lukkartid)
  • eit bilete med Photoshop-uttesting (vis før- og etterbilete)
  • to valfrie bilete

Lever eit dokument og ei mappe med biletfiler

Lag eit skrivedokument der du legg inn bileta og skriv informasjon om kvart enkelt bilete. Bruk same tittel og filnamn som du har lagra bileta som. Refleksjonstekst kjem til slutt i dokumentet.

Om kvart enkelt bilete skal du skrive ned

  • tittelen på biletet
  • informasjon om blendar, lukkartid og ISO
  • filnamn
  • ein kort kommentar om det du kan om foto til no, til dømes komposisjon, djupneskarpleik, fokus/ufokus og det gylne snitt (dersom du har redigert biletet, må du skrive kva du eventuelt har redigert og kva verktøy du har brukt)

Gi kvart enkelt bilete eit filnamn med etternamnet ditt og tittel

Etternamn_tittel.jpg

Eksempel: Navnesen_fossefall.jpg

Refleksjonstekst om deg og forholdet du har til foto

Skriv ein kort tekst til slutt der du kjem inn på

  • forholdet du hadde til foto før du byrja på denne linja
  • forholdet du har til foto no
  • kva du har lært om foto
  • tre fototips du kan gi til nokon som ikkje veit like mykje om foto som deg

Lever òg ei digital mappe med JPEG- og RAW-filer

I tillegg skal du lage og levere ei digital mappe med uredigerte JPEG- og RAW-filer av bileta.

Vurderingskriterium fotomappe

Det blir vurdert i kva grad du har

  • god struktur i mappe og tekst
  • tekniske ferdigheiter innan kamera og redigering
  • varierte bilete som treffer på dei ulike kategoriane og kommuniserer godt
  • skrive ned og trekt inn relevant fagkunnskap og fotoferdigheiter då du presenterte bileta og skreiv refleksjonsteksten
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2020

Læringsressursar

Foto