Hopp til innhald

Fagstoff

Biletet som medietekst

Alle bilete er resultat av menneskelege val. Biletet er derfor aldri ei direkte attgjeving av røyndomen. Bilete består av visuelle teikn som er sette saman på ein måte som samla uttrykkjer meininga i biletet.
To menn innpakket i folie for å få varme i kroppen ser en ny båtlast med flyktninger i gummibåt på vei mot land. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Måten vi oppfattar eit bilete på, er styrt av sosiale konvensjonar og den konteksten biletet står i.

Å lese eit bilete

Ein skriftleg tekst er sett saman av bokstavar, ord og setningar. Teksten får meining når vi avkodar dei teikna teksten består av. Bilete består ikkje av bokstavar, men av visuelle teikn som er sette saman, komponert, etter bestemte prinsipp. Når vi "les" dette biletspråket, får biletet meining.

Mann og dame på doskilt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Måten vi forstår eit bilete på, er styrt av sosiale konvensjonar. Som medlemer av ei sosial gruppe lærer vi å tolke det vi ser, på ein bestemt måte. Derfor kan eit bilete bli oppfatta forskjellig av folk frå ulike kulturar og i ulike historiske periodar.

Nesten alle medietekstar er sette saman av fleire teksttypar. Ein avisreportasje består av eit fotografi og ein skriftleg tekst. Når vi "les" eit reportasjebilete, er det som del av ein større heilskap.
Kunstbilete blir ofte viste fram i galleri, trafikkskilt er plasserte langs vegen. Måten vi forstår desse bileta på, er difor og styrt av den samanhengen, konteksten, biletet står i.

Avisforsider med bilder av Edward Snowden og president Obama. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bilete som representasjon

Eit bilete er ei avbilding, ein representasjon, av røyndomen. Måleriet er sett saman av fargeflater som er målte på materiale som lerret, papir, plater, eller direkte på ein vegg. Målinga kan vere påført i fleire lag og ved hjelp av ulike teknikkar. Dei fleste teikningar er laga for hand med penn, blyant eller kolstiftar. Felles for måleriet og teikninga er at røyndomen er attgjeven av ein "kunstnar" – eit levande vesen.

I fotografiet er røyndomen attgjeven ved hjelp av eit mekanisk, optisk apparat. Biletet blir til når lys treff ein fotografisk film eller ei databrikke. Det er derfor lett å tenkje at fotografiet viser røyndomen slik han faktisk er. Men slik er det ikkje. Både motiv, utsnitt og biletvinkel er valt av ein høgst levande fotograf.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2018

Læringsressursar

Foto