Hopp til innhald

Fagstoff

Å kommunisere med bilete

Kommunikasjon handlar om å dele tankar og idéar med andre menneske. For å gjere oss forstått bruker vi lyd (til dømes språk), tekst og bilete. Vi knipsar og deler bilete heile tida. Korleis kan eit bilete skape merksemd og formidle ein bodskap?
Ung kvinne tek "sjølvi" med ein smarttelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletkommunikasjon

Bilete som kommunikasjonsformidlar blir stadig meir utbreidd. "Alle" har i dag ein mobiltelefon med kamera, og vi deler gjerne foto med kvarandre. Prisen på store kamera blir stadig lågare, og det er ikkje lenger berre dei profesjonelle fotografane som har råd til å eige eit spegelreflekskamera. Så å seie all fotografering skjer digitalt, og vi kan enkelt laste opp og dele bileta med heile verda via nettstader som Facebook, Instagram og Snapchat.

Bodskap gjennom verkemiddel

Bilete som kommunikasjonsformidlar skil seg frå tekst og lyd ved at bodskapen må visualiserast. Biletkommunikasjon eller visuell kommunikasjon inneber å medvite bruke bilete for å formidle ei stemning eller ein bodskap, eller dokumentere ei hending. Ein bodskap er eit samleomgrep for innhaldet som blir formidla frå ein avsendar til ein mottakar, og målet er å få bodskapen til å verke så riktig som mogleg hos mottakaren.

Å vekkje merksemd

Raudt stoppskilt. Foto.

Eit uvanleg bilete skil seg ut og vekkjer interesse hos publikum. Noko gjer at vi legg merke til akkurat dette biletet. Vi kallar det stoppeffekt. Når du vil fortelje noko med eit bilete, er det viktig at dei meiningsberande elementa kjem godt fram. Pass på at du går nær nok!

Kontrastar

Ein spiss gaffel mellom alle skeiene, eit raudt drops mellom alle dei gule, barnet som held dei små fingrane sine i den store handa til bestefar – kontrastar finst overalt og skaper spenning i biletet ditt. Anten det gjeld form, mengde eller uttrykk, vil eit element av ei anna form, ein annan farge eller ein annan type, skape ein kontrast. Dette elementet blir framheva og dermed lagt betre merke til i mengda.

Sterke fargar

Portrett av jente med raudt hår med mørk bakgrunn. Foto.

Fargar kan brukast effektivt for å framheve element og skape spenning i bileta dine. Mørke fargar mot lyse fargar, og kalde fargar mot varme fargar, framhevar kvarandre. Fargar er ofte knytte til kjensler og kan brukast til å formidle bodskapen din betre. Raudt er ofte knytt til eld og blod og representerer energi, fare og handlekraft, men kan også representere lidenskap, kjærleik og begjær.

Enkeltbiletet versus biletserien

Stillbilete er ikkje som i gamle dagar. Tidlegare fotograferte ein på film og måtte vente lenge før filmen blei framkalla. Dyrt var det òg. Ein var oppteken av det gode enkeltbiletet, og "ein fotograferte ikkje med mindre ein hadde bunaden på".

Med den digitale revolusjonen treng vi ikkje å ta slike omsyn. Det er ingen utgifter knytte til fotograferinga, dermed kan vi ta fleire bilete og eksperimentere meir med kameraet. Merksemda er flytta frå det oppstilte enkeltbiletet til den dokumentariske biletserien, der ein i større grad nyttar fleire bilete i samanheng for å beskrive ein situasjon. Dette kan ein til dømes presentere som fleire bilete i eitt bilete eller som eit slideshow eller ein video med musikk til.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2019

Læringsressursar

Foto