Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fang kvardagsaugeblikka

Denne skuleveka skal du ta eitt nytt bilete kvar dag som fortel noko om skulekvardagen din: fem dagar, fem bilete, alle i svart-kvitt.
Gut med datamaskin ved eit tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdraget handlar om at du skal fotografere glimt frå kvardagen din og produsere gode bilete. Du skal øve deg i å tenkje på biletkomposisjon.

Slik gjer du

  1. Kvar dag skal du knipse eitt bilete frå livet ditt på skulen. Tenk over kva du vil seie og formidle gjennom bileta dine. Ver kreativ og nøyaktig når du fotograferer. Hugs å tenkje gjennom korleis du komponerer bileta dine. Vil du halde deg til tredelingsregelen eller plassere motivet midt i biletet? Vurder kvart einaste bilete ut frå det du har lært om komposisjon, linjer, rytme og innramming.
  2. Når du har teke fem bilete, set du dei saman i ein digital biletpresentasjon og legg på passande musikk. Hugs at alle bileta skal vere i svart-kvitt.
  3. Vis fram biletpresentasjonen din i grupper eller for klassen, og vurder kvarandre sine uttrykk bilete for bilete. Her er nokre spørsmål dei kan stille kvarandre:

    Er biletet komponert etter tredelingsregelen? Kva skaper rytme i biletet? Kva linjer dominerer? Kva kjensler skaper biletet?
  4. Snakk saman om kva inntrykk de sit igjen med etter å ha fått presentert bileta. Fortel kvarandre om noko som gjekk bra, og trekk fram to ting som de kunne ha gjort betre.



CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 22.05.2020

Læringsressursar

Foto