Hopp til innhald

Fagstoff

Samisk litteratur

Den samiske litteraturen har ein lang og rik munnleg tradisjon, men ein kort skriftleg tradisjon. Sjå gjerne videoen før du les teksten!

Rik munnleg forteljartradisjon

Den samiske litteraturen har ingen lang skriftleg tradisjon. I boka Lapponia frå 1673, som er den første større skildringa av samane og samekulturen, er det teke med to joikar. Bortsett frå desse to joikane har vi nesten ikkje nokon nedskrivne samiske tekstar før på 1900-talet.

Det som har vore berande i den samiske kulturen er den munnlege forteljartradisjonen, og då særleg joiken. Joiken er ein karakteristisk lyrisk sjanger som er særeigen for den samiske kulturen. Han skal syngjast (joikast), og han kan på mange måtar karakteriserast som brukslyrikk, det vil seie tekstar som ein bruker i konkrete situasjonar som bryllaup, gravferder eller andre markeringar.

Ofte vert joikane dikta til konkrete mottakarar, noko som føreset at publikum kjenner personen som vert joika (det heiter eigentleg "å joike nokon!). Det er også vanleg at ein joikar om livet på vidda og om kjærleiken til naturen og til reinflokken.

Fornorskingspress frå majoritetsssamfunnet

Frå starten av 1700-talet vart samane utsette for stort press frå den norske majoritetsbefolkninga. Misjonærar arbeidde for å omvende samane frå “heidensk kultur og tru” til kristendommen. Ein konsekvens av dette arbeidet var at joiken vart forboden, for joiken hadde også ein religiøs funksjon i den samiske kulturen.

Utover på 1800-talet forsterka dei norske styresmaktene arbeidet sitt med å fornorske samane. Samiske barn skulle lære seg norsk på skulen, og ei stadig sterkare regulering av eigedom og landområde i dei nordlegaste fylka gjorde det vanskeleg for samane å halde fast ved den tradisjonelle nomadiske livsstilen sin der dei følgde vandringane til reinflokken på vidda.

På starten av 1900-talet fekk den skriftlege samiske litteraturen eit lite oppsving. Diktsamlingar, noveller og romanar vart gitt ut, både på samisk og på norsk. Denne oppblomstringa vart dessverre kortvarig, og først på 1980-talet auka talet på samiske bokutgivingar igjen.

Alta-saka

På 1970-talet skjedde det avgjerande endringar i forholdet mellom den samiske minoritetsbefolkninga og den norske majoriteten. Startskottet for denne endringa gjekk med Alta-saka. I 1968 kom NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) med dei første planane for eit kraftverk i Alta-vassdraget. Ei slik utbygging ville mellom anna fått store konsekvensar for beitemarkene til reinen, og planane vart derfor møtte med sterke protestar.

Då Stortinget likevel vedtok utbygging i 1978, brukte utbyggingsmotstandarane både demonstrasjonar, sulteaksjonar og sivil motstand for å markere motstanden sin. Sjølv om kraftverket til slutt vart bygd, førte Alta-aksjonen til ei politisk oppvakning i den samiske befolkninga og til ei sterk endring av norsk samepolitikk. På 1980-talet fekk grunnloven eit tillegg om vern av samisk kultur og språk. Det vart oppretta eit samemanntal og eit sameting valt av og blant samar. Samisk språk vart likestilt med norsk i det samiske språkforvaltningsområdet. Dette området omfattar i dag ti kommunar i Finnmark, Troms, Nordland og Trøndelag.

Ny oppblomstring av samisk litteratur

Den langvarige og harde fornorskingspolitikken hadde alvorlege konsekvensar for samane. Mange samar hadde mista sitt samiske morsmål. Det var dessutan vanskeleg å halde fast ved ein tradisjonell samisk livsstil, og mange skamma seg over sitt samiske opphav. Sidan 1970-talet har det heldigvis vore gjort eit betydeleg arbeid for å løfte fram den samiske kulturen. Minnebøker om tidlegare tider og protestbøker som problematiserte og viste konsekvensane av fornorskingspolitikken, vart derfor vanlege sjangrar i den samiske litteraturen. Både den munnlege og den skriftlege samiske litteraturen tematiserer ofte tapet av språk og identitet, og korleis det kan vere knytt ei kjensle av skam til dette tapet.

På 1970- og 1980-talet vart det grunnlagt samiske forlag og samiske forfattarforeiningar. Dessutan begynte Norsk kulturråd å støtte utgivingar av samisk litteratur. Det førte til at talet på samiske bokutgivingar auka. Den mest kjende forfattaren frå perioden 1970–2000 er Nils Aslak Valkeapää, som også fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1991. Oppblomstringa av litteraturen har vore viktig for å heve statusen til den samiske kulturen og for å gjere samar stolte av bakgrunnen og identiteten sin.

Kva vil det seie å vere same i dag?

Den samiske befolkninga i Noreg i dag er ei samansett gruppe: Det finst meir enn 40 000 samar i Noreg, og færre enn ti prosent av desse driv med reindrift. Eit viktig trekk ved samisk samtidslitteratur er då også ein vilje til å utforske kva det vil seie å vere same i dag. Forfattar Sigbjørn Skåden, som vert intervjua i videoen, er ein representant for ei slik utvikling. Han vil finne dei samiske forteljingane som ikkje er fortalde før, som til dømes historia om det å vere same og homofil, eller om det å vere same i hovudstaden, med eit liv langt unna det tradisjonelle jakt-, fangst- og reindriftssamfunnet som står så sentralt i samisk kultur og tradisjon.

Kva hugsar du om samisk litteratur?

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 12.09.2018

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet