Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stader du kjem frå

Identiteten din blir forma i samspel med menneske rundt deg, men kva slags avtrykk set stadene vi er på, i oss? Analyser filmen "Mot nord" og lag di eiga forteljing om stader som betyr noko for deg.

Oppgåve 1

  1. Kortfilmen "Mot nord" viser samspelet mellom desse ungdomane og landskapet dei går i – ei strand i Lofoten. Korleis trur du det ser ut der dei vanlegvis skatar?
  2. Beskriv stemninga i denne filmen. Kva verkemiddel blir brukte for å skape han? (fargar, lys, musikk, kameravinklar, dialog, biletutsnitt, klippetempo)
  3. "Det er herlig å være et sted der ørner har lyst til å være", seier ein av gutane i filmen. Korleis tolkar du dette?
  4. Korleis tilpassar gutane seg dei uvande omgivnadene? Trur du det er forskjell på rørslene her enn når dei skatar i urbane landskap? Forklar!
  5. Gutane har sett spor etter seg i landskapet når dei dreg. Kva for spor er det?
  6. Kva tenkjer du når du ser den siste scenen frå stranda? Diskuter slutten av filmen med ein medelev.
  7. Kva meiner du denne filmen seier om identitet og tilhøyrsel?

Oppgåve 2

  1. Korleis påverkar det oss å bu i byen? Korleis påverkar det oss å bu nær naturen? Lag eit venn-diagram over livet i byen og livet i naturen.
  2. Del diagrammet ditt med ein medelev og bruk desse som utgangspunkt for å diskutere korleis stader påverkar liva våre.
  3. Kva sider av identiteten din – den du er – er påverka av stader du har vore?
  4. Lag ei digital forteljing eller ein film av bilete frå stader som er viktige for deg, og som har forma den du er. Tenk over korleis du kan bruke biletutsnitt, lyd, overgangar og så vidare for å skape ei stemning som viser kven du er.

    • Lag ei liste over eigenskapar som definerer deg.
    • Ta bilete sjølv frå stadene som er viktige for deg. Du kan òg bruke bilete som andre har teke, men sjekk at du har lov til å bruke dei.
    • Kopl eigenskapane til bileta på ein måte som gir meining for deg.

Relatert innhald

Sjå filmen, gå i djupna og skriv analysen. Les meir om dei tre stega i ein filmanalyse.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet