Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eit førebilete

Kven er førebileta våre? Og har kropp blitt den nye religionen? Les tekstane og reflekter over temaet kroppspress.
Kvinne trener armhevingar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Tekstforståing

Les novella "Et forbilde" og svar på spørsmåla. Underbygg svara dine med sitat frå teksten så langt det er mogleg.

  1. Kva drøymer Maria om – bortsett frå ein perfekt utsjånad?
  2. Kva forventningar har ho til det å bli tynn?
  3. Kvar kan ho ha fått denne oppfatninga frå?
  4. Kva vil du seie det eigentlege problemet til Maria består i?
  5. Kva er det som får Maria til å tenkje over det ho gjer?

Oppgåve 2. Kva om hovudpersonen var ein gut?

Novella har ein kvinneleg hovudperson. Korleis hadde dei to første avsnitta vore om hovudpersonen var ein gut?

Skriv om og legg synsvinkelen til ein ung gut. Du skal framleis la teksten handle om "førebilete" og "kroppsideal", men no er det førebileta og kroppane til gutane som skal vere tema.

Oppgåve 3. Kropp som religion

Vel ei av oppgåvene under:

  1. Kvifor er mange unge (og vaksne) i samfunnet vårt så opptekne av utsjånaden? Skriv ein tekst der du nemner inntil tre relevante grunnar. Forklar korleis desse forholda er med på å skape utsjåandefiksering.
  2. Somme meiner at kroppen er den nye religionen i Vesten i dag. Lag ei digital forteljing om kroppsfokuset i vår tid. Bruk bilete og eiga stemme til å vise kor opptekne vi er av utsjånaden vår. Tips:

    • Finn bilete og sitat frå bloggar, aviser eller liknande som illustrerer kroppsfokuset.
    • Hugs at begge kjønn skal vere representerte. Er ideala like?
    • Reflekter sjølvstendig over kvifor kroppen, klede og utsjånaden har blitt det vi bruker veldig mykje av kvardagen på.
    • Kom gjerne med eigne meiningar. Synest du kroppsfokuset er greitt? Sei det! Er du kritisk? Sei det òg!

Oppgåve 4. Samanlikn novelle og essay

Les essayet " Den retusjerte sannheten" av elev Charlotte Louise Haraldsen. Kva har bloggaren Charlotte og hovudpersonen Maria i novella "Et forbilde" til felles? Kva skil dei? Skriv ein tekst på mellom 230 og 250 ord .

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet