Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tilhøyrsel i Brorskap og enhet

Kva betyr det å vere "Third Culture Kids"? Leo Ajkic er ein av dei som har skrive om opplevingane sine med å finne tilhøyrsel i ein tredje kultur. Utforsk temaet ved å lese teksten, reflektere, diskutere og skrive sjølv.
Ung mann lagar gatekunst. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Ajkic sin tekst "Brorskap og enhet" er henta frå antologien Third Culture Kids. Les tekstutdraget og gjer oppgåvene.

Relatert innhald

"Brorskap og enhet" er skriven av Leo Ajkic. Teksten er publisert i boka Third Culture Kids (Naqvi, 2019).

Del 1. Inn i teksten

  1. Kva seier Leo Ajkic om språket i nabolaget sitt i Bergen? Kva slags norskfaglege omgrep kan du bruke for å forklare desse variasjonane i talemål i Bergen som han beskriv?
  2. Ordet "utilpass" går igjen når han beskriv barndomen. Kva var det som gjorde han utilpass?
  3. Ajkic bruker orda "underdogs" for å beskrive venegjengen sin. Kva betyr det?
  4. Korleis forklarer han at dei valde å samle seg om hiphop og basket?
  5. I teksten beskriv Ajkic forskjellar mellom norsk og bosnisk kultur når det gjeld deling. Kva gjekk dei ut på? Kva slags røynsler har du med å dele på denne måten?
  6. Kvifor var det viktig for han å vise positive sider av den bosniske kulturen til venene sine?

Del 2. Reflekter og diskuter

  1. Kva trur du Leo Ajick meiner med "ein tredje kultur"?
  2. Utdraget kjem frå antologien Third Culture Kids. Utforsk dette uttrykket ved å gjere eit nettsøk. Finn to definisjonar og to døme på uttrykket i bruk. Kan du finne på ei god, norsk omsetjing?
  3. I meldinga av boka på NRK.no framhevar dei definisjonen til ein av forfattarane i antologien, Shana Fevang Mathai. Korleis tolkar du denne definisjonen? Melding: Third Culture Kids frå nrk.no.
  4. Les heile meldinga og diskuter: Kan definisjonen til Mathai passe på dei fleste unge i dag?
  5. Kva slags forskjell trur du det utgjer å få merkelappen "Third Culture Kid" i staden for dei meir etablerte "minoritet" eller "innvandrar"?

Del 3. Skriv sjølv

Vel ei av skriveoppgåvene under:

  1. Skriv eit dikt eller ein hiphop-tekst om den tredje kulturen din – den du har sett saman av kulturen du har i ryggen og den du har framfor nasen. Kva gjer deg utilpass? Kva gjer deg stolt? Kva er berre ditt, og som du har funne fram til sjølv, slik Ajcik og venene fann hiphop frå amerikansk kultur?
  2. Skriv ein fagartikkel om kva det vil seie å vere ein"Third Culture Kid", og om kvifor merkelappar betyr noko. Bruk definisjonane, stoff frå meldinga og refleksjonane frå del 2. Bruk òg sitat frå teksten til Leo Ajcik for å illustrere nokre av poenga dine.
  3. Skriv din eigen biografi, slik Ajkic gjer det. Fortel om korleis bakgrunnen din har forma deg, kva venene dine gjer, kva musikk de høyrer på, og korleis de snakkar. Lag tittel sjølv.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2020

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet