Hopp til innhald

Litterære tekstar

Den retusjerte sanninga

Dette personlege essayet er ein elevtekst skriven av Charlotte Louise Haraldsen. Charlotte har gått på Greveskogen videregående skole i Tønsberg.
Sophie Elise poserer foran rosa bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den retusjerte sanninga

"Eg står opp, tek på meg kleda (som eg jo har funne fram dagen før), så tek eg såkalla outfitbilete. Deretter blar eg gjennom bileta, plukkar sjølvsagt ut dei finaste og redigerer gjerne litt lys så eg får litt solskin i håret, og vips, så har eg eit blogginnlegg – tok meg berre eit par timar. Eg er til tider like jålete og forfengeleg som menneska i barokktida. Barokkstilen var overdriven, og det skulle vere så mykje pomp og prakt som mogleg. Denne stilen kan du finne igjen på dei største bloggane. Eg er ikkje av dei verste, altså. Men likevel: Må ein verkeleg stå opp to timar tidlegare for å skape eit glansbilete av seg sjølv? Er det dette som gir lesarar? Bloggsjangeren har aldri vore så sterkt prega av forfengelegskap, og til tider falskskap, som no.

Ein blogg er ei slags offentleg dagbok, og det er så å seie eit sjangerkrav at bloggarane skal framstille seg som perfekte heile tida. Dei store toppbloggarane ser ut til å leve på ei rosa sky, og eg blir sjølvsagt påverka når eg ser bileta deira og les det dei skriv. Eg er ikkje den einaste. Det er tydeleg at bloggverda pregar kvardagen til mange unge jenter i stor grad, for det finst tolvåringar som kler seg akkurat som dei eldre toppbloggarane.

Då eg var tolv år, gjekk ikkje eg i høge hælar og ytterjakke til 8000 kroner. Hah, nei, då gjekk eg i heimestrikka genserar som var laga av restegarn i alle moglege farger, og eit par sko som eg hadde arva av familievennen til mamma, som ikkje kan skuldast for å vere den mest "trendy". Men det var heilt greitt, eg brydde meg ikkje om kva andre syntest, og tok absolutt ikkje hundre bilete av meg sjølv kvar dag. Ting har forandra seg, det er sikkert og visst! Vi oppfører oss nesten som adelege i barokktida og ville helst berre stått i eit rom fullt av speglar og vist oss fram heile tida. Eg synest at forfengelegskapen har teke heilt overhand når bloggarar med fleire titusen lesarar stappar kroppen sin full av botox både her og der og poserer stolte og lettkledde framføre lesarane sine. Desse bloggarane blir oppfatta som førebilete av unge jenter, og dei unge kan lett få eit forvrengt bilete av korleis røynda "burde vere".

Den offentlege dagboka er ein sjanger som spreier seg som eld i tørt gras. Fleire og fleire hengjer seg på og går inn i bloggverda, som ser ut til å ha vorte eit eige lite univers. Ein tanke, nokre bilete, nokre få tastetrykk. Publiser. Vips, så har du skrive i ei dagbok som heile verda kan lese. På nettet finn du bloggar som handlar om alt frå livet som småbarnsmor til mote og kampen mot ein sjukdom. Temaa er ufatteleg mange, men målet er det same når bloggskrivarane legg fingrane på tastaturet: Dei vil nå ut til deg og meg. Alle bloggarane vil få respons på tankane og meiningane sine og – sjølvsagt – dei flotte bileta dei legg ut av seg sjølve.

Også eg har kasta meg på den store bloggbølgja og har surfa på henne i snart fem år. Eg bloggar no som dei fleste rosabloggarane – om alt og ingenting. Men i hovudsak legg eg ut tankar og meiningar, fotografi og outfits fordi mote er ei av dei store interessene mine. Det er sunt å dele meiningar, og bloggportalen gir eit fint høve til å uttrykkje seg, ta imot konstruktiv kritikk på arbeid ein gjer, og til å eksponere seg på ein god måte. Her bestemmer ein nemleg heilt sjølv korleis ein vil framstille seg sjølv.

Dei som verkeleg skil seg ut blant bloggarane, er dei såkalla rosabloggarane. Dei kan verke overflatiske på mange, med fokus på makeup, altfor dyre designarklede og innlegg utan mål og meining. Det er likevel desse som har flest lesarar til dagleg. Toppbloggarane kler seg i flotte, gjerne dyre og sponsa klede og ser i utgangspunktet perfekte ut. Men er livet til desse bloggarane så glansfullt som det kan sjå ut som? Eg som bloggar sjølv, veit kor stort presset er om å framstille seg sjølv på ein best mogleg måte. Ingen får sjå dei svære vassblemmene og gnagsåra som oppstår når ein går i tolv centimeter høge hælar for å få lange og lekre bein. Ingen får vite at den stramme hårextensionen ein så fint har gøymt under det tynne håret sitt, klør noko vanvettig, ingen får sjå lausvippene som har dryst i augelokket. Kvardagen er aldri perfekt, men ein pyntar på røynda og lèt som om røynda er det glansbiletet av seg sjølv som ein viser fram til andre.

For ein rosabloggar er det nærmast eit must å sjå bra ut og å inspirere andre, for det er slik ein skaffar seg fleire og fleire "følgjarar" og klatrar oppover på bloggarrangstigen. Med følgjarane kjem òg sponsorane, og for rosabloggarane er det uhyre viktig å få dei beste sponsorane og tene gode pengar på hobbyen sin. Slik får dei nemleg råd til dei råaste designarprodukta, slik kan dei sjå best mogleg ut med dei lekraste neglene og vippene og skrive masse positivt om livet generelt. Dei mest populære rosabloggarane får tilsendt flotte og gratis klede og skjønnheitsprodukt frå reklamebedrifter like ofte som vanlege dødelege får reklame i posten. Som takk for gåvene skriv dei sjølvsagt ei såkalla vurdering og sørgjer for å anbefale produkta på det sterkaste og legg ut nokre før-og-etter-bilete ingen kan sjå nokon forskjell på.

Rosabloggarar opplever nokre dilemma i livet, dei òg: Viss dei for eksempel står opp om morgonen og ser at spraytanen dei spraya på seg kvelden før, blei altfor mørk, kva skjer då? Då blir det jo eit innlegg utan bilete, då, og det er krise fordi ein skuffar lesarane sine. Mange rosabloggarar set heile livet på vent for bloggen, for ein skal jo "berre gjere ferdig dette eine innlegget". Avtalar blir utsette eller avlyste, for bloggen kjem aller først. Ein må jo vere trufast mot alle dei lesarane som gjer at ein kan livnære seg av bloggen! Utan lesarane vil ein jo ikkje klare å få desse dyre designarkleda, og ein vil ikkje kunne dra på kafé med venninner kvar dag. Og utan kaféturar, ingen blogginnlegg, for då gjer ein jo ingenting ...

Lesarane av rosabloggane blir "kjende" med menneske med ein kvardag som verkar meir idyllisk enn Askepott sitt liv på slottet. Bloggane gir lesarane høve til å drøyme seg vekk i ei eventyrverd utan like, og meir: Dei får òg ta del i denne verda – ved å skrive i kommentarfeltet. Som bloggar får ein gjerne haugevis av solstrålar skinande ned i kommentarfeltet, det er ingen løyndom, og mange av lesarane ville nok ofra mykje for å få møte bloggaren. Men alle desse lesarane som ser ut til å digge bloggaren, kan òg plutseleg finne på å skrive ein anonym kommentar med ein forferdeleg bodskap! Dette tærer på sjølvkjensla fordi det avslører at lesarane slett ikkje er så trufaste som ein ønskjer å tru. Ein må sjølvsagt rekne med at det òg kjem kritikk når ein eksponerer seg sjølv på nettet på ein slik måte, og klikkmobbing er lettare enn nokon gong. Men negative kommentarar blir likevel gjerne opplevde som lyn frå klar himmel, og bom, så er det berre denne negative kommentaren ein hugsar. Den 17-årige bloggaren Voe er eit kjent eksempel på ei som verkeleg fekk kjenne på kva nettmobbing er. Ein periode slutta ho heilt å blogge, ho orka ikkje meir netthets.

Eg får stadig kommentarar på bloggen min som "Morosamt innlegg og kjempefin design på bloggen din òg, forresten! Besøkje min blogg?". Det er jo falskt som berre det! Det verkar som om mange først og fremst er opptekne av å få fleire lesarar til sin eigen blogg, dei ser på kommentarfelta berre som gylne høve for eigenreklame. Er bloggverda vorten ein stor portal av falskleik der alle berre har eitt ønske, nemleg å stige høgare på blogglistene og få gratis produkt sende til seg i posten? Ein føler seg sikkert litt viktig når ein har ein blogg som blir lesen av andre, og det er nok ein viktig grunn til at det i dag finst fleire bloggarar enn det finst retusjert reklame i media. Og så er det vorte like lett å lage ein blogg som det er å kneppe igjen bukseknappen. Men no ser eg meg nøydd til å avslutte dette innlegget, eg skal trass alt redigere ferdig outfitbileta eg tok på morgonen."

Relatert innhald

Er kropp den nye religionen? Sjå på tekstar som tek opp dette temaet.

CC BY-NC-SASkrive av Charlotte Louise Haraldsen.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet