Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er kropp topp i blogg?

Er kropp topp? Eller blir det for mykje kropp i media i dag?

Oppgåve 1. Røynslene dykkar med påverkarar

Sett dykk saman i grupper og diskuter:

  1. Kva for bloggarar eller påverkarar (influensarar) følgjer de på sosiale medium?
  2. Kva snakkar/skriv desse aller mest om?
  3. Er det nokon av dei som i det heile tatt ikkje handlar om kropp og utsjånad?
  4. Er det forskjell på kroppsfokuset hos påverkarar som gutar følgjer, og som jenter følgjer?
  5. Ta stilling til påstandane under. Rekk opp ein finger om du er einig i påstand 1, to om du er einig i påstand 2:

    • Vi i Vesten i dag er altfor fikserte på utsjånad. Vi burde konsentrere oss meir om samfunnsproblem og viktige ting.
    • Det er heilt naturleg at vi ungdomar er opptekne av kropp. Det er ein viktig del av identiteten vår.


Oppgåve 2. Utforsk påverkarar og kropp

Kva bodskap har dei påverkarane som gjer suksess? Dette skal du finne ut av her. Det som er interessant, er om dei påverkarane som har flest følgjarar, stort sett skriv om klede, utsjånad og kropp – eller om hovudbodskapen deira er noko heilt anna.

  1. Gå saman i grupper. Finn ut kva påverkarar som har flest følgjarar. Fordel bloggane eller kanalane dykkar mellom dykk og les/sjå på fem–ti innlegg frå påverkarane. Etterpå skal de skrive ned kva påverkaren er mest oppteken av. Har han/ho ein bodskap til følgjarane sine?
  2. Lag ei liste eller eit skjema som viser funna dykkar. Framstill det visuelt i ein Powerpoint eller ei anna digital framstilling.
  3. Diskuter på gruppa: Når de ser på dei ti påverkarane i Noreg med flest følgjarar – kva seier desse om kva den norske befolkninga er oppteken av? Kjenner de dykk igjen? Er det nokon emne de gjerne ville hatt inn, og som påverkarane ikkje er opptekne av i det heile?

Oppgåve 3. Skriv sjølv om påverkarar og kropp

Mange unge menneske tek i bruk sosiale medium som Facebook, Instagram og ulike bloggar for å leggje ut bilete av seg sjølv.

Biletet nedanfor er henta frå ein blogg. Kva synest du om at dagens ungdom i større og større grad profilerer eigen kropp og utsjånad i sosiale medium? Skriv eit blogginnlegg der du får fram meininga di om saka.

Bilete av ein gut som har fotografert overkroppen sin i ein spegel.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Trude Løvskar, Eva Walde Lund og Åsa Abusland. Rettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet