Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Språk og identitet i Tante Ulrikkes vei

Romanen Tante Ulrikkes vei handlar om to unge gutar som veks opp i drabantbyen Stovner i Oslo. Dei to gutane er vidt ulike, noko som kjem fram i både språk og innhald i romanen.

Språk som identitetsmarkør

Vi seier ofte at vi vel korleis vi snakkar. Det vil seie at vi bruker språket som identitetsmarkør. Det kan vise

  • kva slags kjønn du har
  • kor gammal du er
  • kvar du bur
  • kva gruppe du identifiserer deg med
  • kva for eit sosialt lag du høyrer til

Del 1. Er de medvitne kring eige språk?

Sett dykk saman i grupper og diskuter:

  1. Samanlikn talespråket dykkar. Snakkar de likt?
  2. Om ikkje: Kva består forskjellane av? Korleis vil de karakterisere talespråket til kvarandre?
  3. Diskuter i gruppa: Om det er forskjellar mellom dykk, kva kan vere årsaka til dette? Er det nokon av momenta over som speler inn (kjønn, alder, sosialt lag, gruppeidentitet)?

Del 2. To heilt ulike gutar med lik bakgrunn

Romanen Tante Ulrikkes vei handlar om dei to gutane Mo og Jamal. Både Mo og Jamal bur på Stovner, dei er norskfødde med to innvandrararforeldre, og foreldra lever på trygd. Med så lik bakgrunn forventar vi vel at dei snakkar ganske likt?

  1. Gå saman to og to. Fordel roller mellom dykk. Ein er Jamal, og ein er Mo. Les høgt for kvarandre.
  2. Korleis vil de karakterisere språket til Jamal? Peik på særpreg ved talemålet hans som skil det frå standardnorsk.
  3. Kva med språket til Mo? Kva karakteriserer det?
  4. Kva synest dei to hovudpersonane om heimstaden sin, Stovner?
  5. Korleis meiner de språket til gutane speglar den identiteten dei har, eller ønskjer å ha?

Relatert innhald

Del 3

Mo og Jamal formulerer seg heilt ulikt. Kva kan vere årsaka til det? Har det noko med kven dei ønskjer å vere? Eit hint kan du finne ved å sjå intervjuet med Sero Yildirim i Eides språksjov.

Sjå intervjuet i NRK-programmet Eides språksjov frå 04:40.

  1. Kva kjenneteiknar talemålet til hovudpersonane frå NRK-serien 18?
  2. Kva likskapar ser du mellom Jamal og Seros talemål?
  3. Kva er det Sero seier som viser at multietnolekten kebabnorsk er noko ein vel å snakke?
  4. Kvifor trur du Jamal vel å snakke kebabnorsk, medan språket til Mo ligg nærare standardnorsk?

Del 4. Samanlikn Mo og Jamal skriftleg

No skal du øve deg på å skrive eit avsnitt som samanliknar karakterar. I denne oppgåva skal du òg jobbe med å bruke norskfaglege omgrep om språklege verkemiddel. Oppgåva er denne:

  1. Gjer greie for korleis Zeshan Shakar bruker språklege verkemiddel i den indirekte personskildringa av Mo og Jamal. Desse orda bør vere med i svaret ditt:
samanlikning av språk

Om språket til Jamal

Om språket til Mo

multietnolekt, kebabnorsk, slang, V2-regelen, feil kjønn på substantiv, lånord, identitetsmarkør.

språklege bilete, samanlikningar ("som en gammel klut"), metaforar ("en flukt uten føtter").

Målet med oppgåva er altså å vise korleis forfattaren bruker språket for å få fram at dei to hovudpersonane har ulik identitet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2020

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet