Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fordeler med muslimer

Mosaikk i blå- og gultonar og blomstervase i moské i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Les teksten "Fordeler med muslimer" og jobb med desse spørsmåla:

  1. Kva tenkte du då du såg overskrifta på teksten?
  2. Diskuter med ein medelev: Kva er hovudbodskapen i denne teksten? Kva meiner de om dette?
  3. Kva var det Christine Koht tenkte med ein gong ho høyrde at dei nye naboane hennar var ein muslimsk storfamilie? Trur du dette er vanlege fordommar?
  4. Korleis viste denne familien seg å vere i røynda?
  5. Forfattaren skriv at "far er av typen som helst vil bære handleposene mine opp alle trappene" og skildrar opplevinga som "eit slags kulturkræsj". Kvifor?
  6. Koht snakkar om ein "tabloid svertekampanje" om muslimar. Kva trur du ho meiner med det?
  7. Kva kunne Koht tenkt seg å skrive i ein faktaboks med overskrifta "Fordelar med muslimar"?
  8. Teksten til Christine Koht er ein såkalla petit (eit skriftleg kåseri). Kva kjenneteiknar denne sjangeren?
  9. Kva slags språklege verkemiddel bruker forfattaren i denne teksten? Vis med døme og diskuter kva slags verknad dei har.
  10. Diskuter: Kva kan vi lære om fordommar av denne teksten?
  11. Denne teksten blei skriven i 2007, og mykje har skjedd sidan då. Er bodskapen i teksten framleis relevant? Gjer eit nettsøk med stikkord "muslimar" for å sjå om media framleis i hovudsak framstiller denne gruppa negativt.

Relatert innhald

Eit kåseri av Christine Koht der ho tek eit oppgjer med nokre av fordommane som finst om muslimar.

CC BY-NC-SASkrive av Dyre Aanund Vaa, Tone Rudi Olsen, Cecilie Isaksen Eftedal og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet