Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med filmen Koftepolitiet

Utsnitt frå filmen "Koftepolitiet": Tre menn, to av dei kledde i ordinære klede og den midtre i samekofte, snakkar med ei urban dame med raud kjole, langt, mørkt hår og gul, elektrisk sparkesykkel. Foto.

Del 1: Før du ser filmen

  1. Kva er ei kofte? Viss du ikkje veit det, slå opp i ei ordbok eller eit leksikon.

  2. Kva assosiasjonar får du til tittelen i filmen – Koftepolitiet?

  3. Kva trur du filmen kjem til å handle om?

Del 2: Sjå filmen Koftepolitiet

Sjå Koftepolitiet på bibliotektenesta Filmbib. Logg inn med Bibliotekkortet.

Del 3: Diskuter filmen

  1. Kva inntrykk får du av dei tre hovudpersonane? Forklar!

  2. Kva meiner hovudpersonane i filmen med uttrykka "kofte-utru" og "etno-kåt"?

  3. Kva oppfatningar har personane samane møter i Oslo og på utestaden av kva det vil seie å vere same?

  4. Kva og fordommar kjem til syne i det personane seier og gjer? Kom med fleire døme. (Tips! Det handlar ikkje berre om samar.)

  5. Kva trur du filmskaparen ønsker å få fram i denne filmen?

Del 4: Lær meir om samisk kultur

I grupper: Fordel oppgåvene og presenter resultatet for kvarandre:

  1. Kva vil det seie å vere samisk? Gjer eit nettsøk og noter ned stikkorda de finn i dei øvste treffa.

  2. Kva er samisk kultur? Gjer eit nettsøk og noter ned stikkorda de finn i dei øvste treffa.

  3. Les artikkelen "Her gjør Ellen Berit det utenkelige" på NRK.

  4. Kva fordommar finst om samar og samisk kultur? Les artikkelen "Stereotypiar om den samiske befolkninga i Noreg".

Del 5: Drøft temaet "andregjering og tilhøyrsel"

Løys oppgåvene åleine eller i grupper. Ta notat når du/de les og diskuterer.

  1. Les avsnittet om "andregjering" i fagartikkelen "Kulturell identitet og andregjering". På kva måte tematiserer kortfilmen Koftepolitiet det å plassere nokon utanfor ein fellesskap?

  2. Kva grupper av menneske blir ofte andregjorde, tenker du? Kva kan årsaka vere? Grunngi svaret ditt.

  3. Er det mogleg å behalde vår eigen kulturelle identitet og samtidig vere ein naturleg del av ein større fellesskap? Kva må til?

  4. Lag ein tekst (essay, foredrag, film) der du/de drøftar temaet "andregjering".

Eit godt svar

  • problematiserer og drøftar

  • bruker sentrale omgrep (til dømes andregjering, fordommar, stereotypiar, kulturell identitet, utanforskap)

  • viser til konkrete døme, gjerne frå kortfilmen og/eller eigne erfaringar

Relatert innhald

Ein kortfilm (13 minutt) om korleis vi, både Sámi og majoritetsbefolkninga, bevisst og ubevisst definerer den rette måten å vere samisk på.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2023

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet