Kulturell identitet og andregjering - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kulturell identitet og andregjering

Det kan skape utanforskap når vi definerer nokon som "dei andre". Korleis kan andregjering avgrense identiteten og kjensla di av å høyre til?

inneber at kultur og kulturell identitet er samansett, kompleks og stadig i endring. Men det betyr ikkje at vi fritt kan velje vår eiga kulturelle tilhøyrsle og identitet. Det er noko som avgrensar oss.

Korleis tolkar andre deg?

Identitet og kulturell tilhøyrsle blir skapt i samspelet med andre. Du blir påverka av andre si tolking av identiteten og tilhøyrsla di, og desse tolkingane blir ofte styrte av ytre teikn, som hudfarge og klede. Nokre av dei ytre teikna kan vi styre sjølve, medan andre teikn er utanfor kontrollen vår, og blir ein del av andre si tolking av kven du er, uansett kor lite relevante dei er for identiteten din.

Saqib Razaq er fødd og oppvaksen i Noreg, og beskriv her korleis andre si tolking av han påverka korleis han såg seg sjølv:

"Pakkis, spark ballen denne veien", ble det ropt av en på fotballaget. Pakkis.
Det stod stille for ham i flere sekunder. Han hadde aldri blitt kalt "pakkis" før. Plutselig ble han en annen enn gutta i den vanlige gjengen. Han følte seg mindre, usynliggjort og satt til siden. Han ble plassert og definert som noe han selv ikke var klar over. Trodde ikke det skulle være mulig? Dette var første gang han innså at han ikke var en "helt vanlig", norsk gutt.

(Razaq, s.13, 2017)

Andregjering

Når vi skaper kulturell tilhøyrsle og identitet, gjer vi det ofte i motsetning til nokon andre, det vil seie alle som ikkje er som "oss". Så lenge du har innpass i fellesskapen, vil du kanskje ikkje sjå på dette som eit problem. Men viss du ikkje fyller kriteria for å vere inkludert i "vi / oss", kan det ha konsekvensar for sjølvoppfatninga di, og å få deg til å føle at du ikkje høyrer til.

Andregjering er eit omgrep som vi kan bruke til å forstå korleis gruppetilhøyrsle kan bli til ekskludering:

Begrepet andregjøring viser til ord, handlinger og prosesser som plasserer noen individer som "de andre", som noen som ikke er en del av "vi / oss".

(Nustad, 2017)

Tenk over / diskuter

Korleis kjennest det å ikkje bli inkludert når nokon snakkar om "vi"?

Har du opplevd å bli tolka som noko anna enn den identiteten du føler deg heime i?

Kven har mest makt til å definere andre?

Makt er moglegheitene du har til å påverke andre, og vi har ulik grad av påverknadskraft på kvarandre. Nokon har altså meir makt enn andre i samspelet vi inngår i, og derfor vil maktforhold i samfunnet påverke kulturell identitet og tilhøyrsle.

Majoritet og minoritet

Ofte er det majoriteten, fleirtalet, i eit samfunn som får definere minoritetane og bestemme kven som skal vere ein del av "vi", og kven som er "dei andre".

Kva som blir definert som minoritetar, er ofte basert på markørar som hudfarge, religion, språk og kultur. Ein slik definisjon av "dei andre" er òg ofte basert på . Dette kan skape utanforskap, og får forskjellane mellom dei som blir definerte som minoritet og majoritet til å verke større enn dei kanskje er.

Det ukjende og framande er ofte kjelder til frykt, og når vi forsterkar forskjellane mellom "oss" og "dei andre", kan dei andre bli sett på som farlege. Andregjering skaper altså frykt. Ikkje noko styrker ein fellesskap meir enn ein felles fiende, og denne mekanismen blir misbrukt av enkelte politiske rørsler som har nemninga .

Saqib Razaq beskriv korleis det kjennest å bli plassert i kategoriar av majoriteten:

Jeg vet veldig godt hvem jeg er, med alle mine identiteter, men når jeg leser
i aviser og på Facebook føler jeg meg plassert i en boks. Eller kanskje flere bokser
... Så jeg må forholde meg til de boksene som de forskjellige gruppene vil
plassere meg i. Enten jeg vil eller ikke.

(Razaq, s.13, 2017)

Tenk over / diskuter

Kva tenker du på som majoriteten i lokalsamfunnet ditt?

Kven har makt til å definere kven som er innanfor og utanfor på skulen?

Vesten mot resten: Orientalisme og post-kolonialistisk teori

Omgrepet andregjering kjem frå det engelske "othering", og oppstod for å forklare korleis vestlege koloniland rettferdiggjorde kolonimakta dei hadde, gjennom å sjå på menneska i landa dei la under seg som underlegne. Det kulturelle mangfaldet i kolonilanda vart redusert til ei samle-nemning "Orienten", og adjektivet "orientalsk" vart synonymt med primitiv, underlegen og framand.

Dette vart òg ein viktig del av sjølvbiletet til vestlege land, for viss Orienten var underlegen og primitiv, måtte det jo bety at Vesten var overlegen og opplyst. Dei vestlege kolonimaktene gjorde at denne idéen vart ein del av sjølvforståinga til koloniane. Postkolonialistisk teori peiker på at koloniseringa ikkje berre skjedde på det ytre planet, men også i tankane til dei koloniserte, og ser på korleis denne andregjeringa framleis påverkar både kolonimaktene og dei koloniserte.

Tilhøyrsle og kreativitet er medisin mot andregjering

Å dele inn verda i "vi" og "dei andre" kan altså føre til konfliktar, utanforskap og undertrykking, men i nokre tilfelle kan andregjeringa bli ein ressurs. Innvandrarungdom som bygger ein identitet basert på hip-hop kulturen, kan bruke stempelet som "farleg" til å bli oppfatta meir autentisk, meir "gangsta". Nokon kan òg avvise heile idéen med å vere innanfor eller utanfor, og lage eit tredje rom, ein tredje kultur. Slik kan andregjering bli ei kjelde til kreativitet og nyskaping.

Men korleis kan vi få ein slutt på det skadelege utanforskapet? Må vi fjerne alt som er ulikt mellom menneske i eit samfunn? Dei færraste vil meine at dette er ei oppskrift på eit godt samfunn. Ein betre medisin mot andregjering er å bygge bruer mellom menneske som er ulike. Når vi kommuniserer på tvers av forskjellar, kan vi byrje å forstå kvarandre betre. Vi blir ikkje framande for kvarandre, og fiendebiletet forsvinn når vi skjønar at "dei andre" er som "oss". Då kan vi få til eit større, romslegare "vi", der alle kan føle tilhøyrsle.

Tenk over / diskuter

Kva slags døme på andregjering av grupper kan du hugse å ha sett?

Kan du tenke på andre tilfelle der andregjering kan føre til kreativitet?

Kjelder

Nustad, P. (u.å.). Vi, de andre og andregjøring. Dembra. Henta 25. september 2020 frå https://dembra.no/no/utema/andregjoring-fordommer-og-diskriminering/?fane=om-temaet&trekk=1

Razaq, S. (2017). Et liv med brunost og tikka masala. I Minotenk, Skal liksom liksom-passet ditt bety noe (ss. 10–19). Frekk forlag.

Røthing, Å. (2016, 2. mars). Normkritiske perspektiver og mangfoldskompetanse. Utdanningsforskning.no. https://utdanningsforskning.no/artikler/normkritiske-perspektiver-og-mangfoldskompetanse/

Said, E. W. (1978). Orientalism. Routledge & Kegan Paul.

Tone Birkeland. (2017). Med vidåpen dør til forståelse av den flerkulturelle barne- og ungdomslitteraturen, Barnelitterært Forskningstidsskrift, 8:1, https://doi.org/10.1080/20007493.2017.1336312

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 23.09.2020