Oppgåve
Utforsk kulturell identitet og andregjering
Andres blikk kan forme korleis du ser på deg sjølv. Lær om andregjøring og kulturell identitet, og utforsk temaet åleine eller saman.
Oppgåve 1. Lær om kulturell identitet og andregjering
Les artikkelen Kulturell identitet og andregjering, og svar på desse spørsmåla:
- Korleis tolkar andre deg?
- Kven har makt til å definere andre?
- Kva er forholdet mellom majoritet og minoritet?
- Kva kan vere ein god "medisin" mot andregjering?
Oppgåve 2. Er Kaveh Rashidi norsk?
Les den norsk-iranske legen Kaveh Rashidis innlegg "Er jeg norsk?" i Aftenposten.
I innlegget bruker Kaveh Rashidi desse omgrepa til å beskrive den kulturelle identiteten sin:
norsk statsborgar
nordmann
norsk
nasjonalitet
genetiske røter
personleg identitet
røter
etnisk norsk
100 prosent norsk
norsk av utanlandsk opphav
muslim.
Lag ei liste over omgrepa, og ta for deg eitt om gongen. Kva legg du i omgrepa, og korleis tolkar du dei slik dei blir brukte i teksten?
- Kva slags ulike syn på kulturell identitet ligg bak dei ulike omgrepa som blir brukte for å beskrive Rashidi? Prøv å bruke nokre av omgrepa frå fagartikkelen om kulturell identitet under.
- Følg oppmodinga som Rashidi kjem med i slutten av innlegget, og køyr debatt: "Så vær så god, kjør debatt. Er jeg norsk? Er jeg 100 prosent norsk? Er jeg nordmann?"