Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skylappjenta

Med kortfilmen Skylappjenta (2009) har den pakistansk-norske regissøren Iram Haq skapt ein moderne og samfunnskritisk versjon av eventyret om Raudhette.
Motiv fra filmen skylappjenta. Foto.

Introduksjon

Filmen Skylappjenta tek opp eit problem som mange innvandrarbarn opplever: Verdiane og krava dei møter heime hos familien, kan vere svært forskjellige frå reglane som gjeld i samfunnet for øvrig.

Eit moderne eventyr

Iram Haqs film er ein moderne versjon av eventyret om Raudhette og ulven. For å forstå filmen fullt ut må du derfor kjenne dette folkeeventyret godt. Ein annan eventyrhelt som dukkar opp i filmen, er Espen Oskeladd. Eit typisk eventyr med Oskeladden i hovudrolla er eventyret om Prinsessa som ingen kunne målbinde. Du kan òg lese om Espen Oskeladd på Wikipedia.

Kva er skylappar?

Ein siste ting før du tek fatt på filmen og oppgåvene: Du treng også å vite kva uttrykket "å ha skylappar" tyder. Kvar er uttrykket henta frå? Korleis oppfører ein seg når ein har skylappar? Slå opp i Bokmåls- og nynorskordboka (ekstern lenke) og finn ut.

Allegori

Iram Haq bruker eventyrforma for å fortelje noko om røyndomen til ei gruppe unge menneske i Noreg i dag. Derfor må vi tenkje gjennom kva personar, gjenstandar og hendingar i filmen står for – alt vi ser, har også ei overført (symbolsk) tyding. Når ei forteljing har ein slik dobbel botn, seier vi at ho er allegorisk.

Oppgåve 1

Lån frå kjende folkeeventyr

  1. Sjå på personar og handling i Skylappjenta: Kva for fellestrekk finn du mellom filmen og eventyret om Raudhette? Og kva er ulikt?
  2. Kva person i filmen liknar på Espen Oskeladd? Kva har han felles med Oskeladden?
  3. Kva kallar vi det med eit faguttrykk når ein forfattar eller regissør heilt medvite låner personar, scener, replikkar osv. frå ein annan tekst?

Oppgåve 2

Dramaturgi – konflikt og handling

  1. Sjå anslaget (= dei første sekunda av filmen). Allereie her får vi eit hint om konflikten. Vi høyrer ein samtale mellom mor og dotter. Kva handlar samtalen om?
  2. I anslaget ser vi ikkje personane som snakkar, men ein animasjon. Kva fortel denne animasjonen om stemninga i heimen?
  3. I den første scenen er mor i ferd med å sende Skylappjenta av garde til bestemor, som er sjuk. Kva er det mor formaner Skylappjenta om? Og kva får oss til å skjøne at dottera ikkje har lyst til å gjere som mora seier?
  4. Skylappjenta bryt påbodet frå mor om å "gå rett fram, ikke se til høyre, ikke se til venstre". Kva gjer ho?
  5. I den mest dramatiske scenen i filmen må Skylappjenta ta eit avgjerande val.

    • Kva er alternativa ho har?
    • Kva vel ho?
    • Kva er det ho dermed mister?
    • Kven hjelper henne i denne situasjonen?
  6. Vegen vidare er ikkje lett for jenta. Kva er det neste ho mister?
  7. Kva er det som hjelper henne når nauden er størst og ho har mist absolutt alt?
  8. Korleis går det med Skylappjenta til slutt?

Oppgåve 3

Personane i filmen

Eventyra har alltid ein helt (eller ei heltinne), og helten har både hjelparar og motstandarar.

  1. Kva land bor Skylappjenta i?
  2. Kvar kjem familien hennar frå?
  3. Kva for mål og ønske har ho?
  4. Kven er motstandarane til Skylappjenta? Kva krev dei av henne?
  5. Kven er hjelparen til Skylappjenta? Kva er det han hjelper henne med? Og kva kan han ikkje hjelpe henne med?

Oppgåve 4

Verkemiddelbruk


No skal du fokusere på detaljane i filmen.

  1. Kvifor gir mora ei skylapplue til dottera si? Kva er det denne lua skal syte for?
  2. Kva slags "freistingar" finst det på vegen til bestemor? Kvifor er dei forbodne for Skylappjenta?
  3. Kva språk snakkar Skylappjenta, og kva språk snakkar familien hennar og taxisjåføren? Kva fortel språket personane bruker om kven dei ønskjer å vere?
  4. Når det ser ut som om alt har gått gale for Skylappjenta, tek ho opp matpakka si og et ei brødskive med brunost. Kva symboliserer denne handlinga?
  5. To av symbola i filmen er eit hjarte og ein sommarfugl. Kva står dei for? Forklar korleis du oppfattar dei.
  6. Sjå nærare på korleis regissøren bruker vêr og årstider for å understreke handlinga og for å synleggjere ulike sinnsstemningar hos personane.
  7. Finn gjerne endå nokre døme på personar, gjenstandar, symbolske hendingar osv. i filmen, og forklar kva dei står for.
  8. Kva for eit kjent norsk musikkstykke får vi høyre i Skylappjenta? I kva scene i filmen får vi høyre det? Kvifor har regissøren valt å bruke nettopp dette stykket, trur du?
  9. Korleis er musikk brukt elles i filmen?

Oppgåve 5

Tema, bodskap, moral

  1. Les nedanfor om regissør Iram Haq. Kva for fellestrekk ser du mellom lagnaden til Skylappjenta og Iram Haqs eige liv?
  2. Er lagnaden til Skylappjenta berre eit enkelttilfelle, eller kan vi seie at det finst mange "skylappjenter" i samfunnet vårt?
  3. Kva vil du seie er temaet i Skylappjenta?
  4. Har filmen ein lykkeleg slutt? Grunngi svaret.
  5. Eventyr formidlar ofte ein moral, det vil seie ein lærdom eller leveregel. Kva vil du seie er moralen i eventyret om Raudhette, og kva er moralen i Iram Haq si filmforteljing?
Om Iram Haq

Om regissøren

Iram Haq (1976–) har pakistansk-norsk bakgrunn. Då ho var 14 år, vart forholdet til familien svært konfliktfylt, og ho braut kontakten. I intervju har ho karakterisert seg sjølv som ein slags Pippi Langstrømpe: ein ungdom som tidleg måtte ta ansvar for si eiga oppseding. Brotet førte til at den gamle verda hennar rasa saman, og ho måtte byggje opp eit nytt liv uten å ha nokon rollemodellar som kunne vise veg.

Iram Haq har også regissert to spelefilmar. Den nyaste filmen hennar, "Hva vil folk si" frå 2017, har vunne fire Amanda-prisar, for beste regi, beste filmmanus, beste norske kinofilm og beste mannlege skodespelar.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl og Eli Huseby.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2019

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet