Lag ein pitch for eit TV-konsept
Du arbeider for eit produksjonsselskap og skal selje inn eit programkonsept til ein norsk TV-kanal.
Du kan velje eitt av desse scenarioa:
- Du har ein idé til eit nytt programkonsept på TV, og du prøver å selje han inn på eit ope pitchemøte der representantar frå NRK, TV 2 og TVNorge er til stades.
Du finn eit eksisterande programkonsept som enno ikkje har vorte vist på norsk TV. Konseptet ønskjer du å selje inn på eit ope pitchemøte der representantar frå NRK, TV 2 og TVNorge er til stades.
Utforsk nettsidene til dei største produksjonsselskapa i verda for å finne den neste, store snakkisen på norsk TV. Leit til dømes hos Banijay Group eller hos Fremantle.
Ein pitch er ei kortvarig framføring av ein idé for ein potensiell oppdragsgivar. I løpet av nokre få minutt skal du få andre til å tenne på ideen din og sjå potensialet i han.
Med andre ord: Tenk deg at du møter ein programredaktør frå TV 2 i heisen. I løpet av heisturen må du rekke å fortelje om programideen din og overtyde han eller henne om at TV 2 bør satse på å utvikle programmet ditt. Når heisdørene går opp, er sjansen brukt opp.
Her kan du lese meir om pitching.
- Finn ideen din og gjer research. Kven er målgruppa? Er ideen original? Kvifor skal TV-kanalane kjøpe programmet? Ta notat.
- Lag ein pitch for å selje ideen din. Eit godt råd frå bransjen er: «Keep it simple, stupid!» Start gjerne med ei utsegn som gjer folk nyfikne. Du kan illustrere pitchen din med enkle skisser eller stillbilete. Ikkje grav deg ned i detaljar. Det gidd ingen å høyre på. Og hugs: Dersom ikkje du er entusiastisk, blir ikkje andre det heller!
- Presenter pitchen for nokon i klassen. Gi kvarandre terningkast frå 1–6 til kvart av punkta under. Kanskje han eller ho med best skår kan pitche for heile klassen til slutt?