Hopp til innhald
Fagartikkel

Flytsoneteorien

Når eit menneske er i ein tilstand der det er heilt oppslukt av ein aktivitet og gløymer tid og stad, seier vi at mennesket er i flyt eller i flytsona. I ein slik tilstand er du motivert og engasjert.

Meistringsglede

Det å lære er ein tidkrevjande prosess som krev innsats, energi og engasjement. For å halde oppe læringsprosessen har det mykje å seie at vi opplever glede og meistring undervegs, slik at vi held ut.

Meistringsgleda, dei positive kjenslene av glede, lykke og begeistring vi får når vi meistrar noko, er kjernen i motivasjonen og engasjementet vårt. Desse kjenslene gir oss energi til å fordjupe oss i ulike handlingar, oppgåver eller aktivitetar. Dei bidreg til at vi er konsentrerte og fokuserte om det vi gjer. Når vi då òg har gode vilkår til å utforske, eksperimentere og moglegheit til å prøve ut og praktisere ulike løysingar, blir bevaringa vår (minnet) av det vi har lært, styrkt.

Flytsoneteorien

Mihály Csíkszentmihályis flytsoneteori viser oss den positive opplevinga vi får ved å vere fordjupa i ein aktivitet. Han kallar denne opplevinga at vi er i flyt. Flyt blir kjenneteikna som ein tilstand der vi er fullstendig involverte, fokuserte og konsentrerte. Det gir deg ein indre styrke til uthald, problemløysing og kreativ utvikling av nye problemstillingar. I denne tilstanden er du motivert.

Når vi er i flytsona, føler vi at vi har det bra og at ting går lett, og vi får til mykje utan at det kjennest anstrengjande. Vi opplever glede, meistring og trivsel, og vi gløymer tid og stad. Vi er konsentrerte og fokuserte mot den bestemte aktiviteten, og vi er engasjerte for å få det til.

Balanse mellom evner og utfordringar

For at vi skal oppleve flyt, er vi avhengig av at det er balanse mellom evnene våre og dei utfordringane vi står overfor, slik at vi opplever at vi meistrar. Utfordringane må i tillegg vere viktige og interessante for oss.

Jo større ferdigheiter du har innanfor eit område, jo større utfordringar toler og ønskjer du. Du vil fort kjede deg viss det er for lite utfordringar. Jo mindre ferdigheiter du har innanfor eit område, jo fortare blir du stressa. Du blir uviss og vil få ei oppleving av å ikkje strekke til, som igjen kan gjere deg redd og bekymra. Då vil du kanskje oppleve at det ikkje er noko gøy, noko som fører til at du ikkje vil setje i gang, eller at du avsluttar det du held på med.

Observere og leggje til rette for flyt

Vi må observere kva barna klarer, og kva ressursar dei har. Ut i frå observasjonane våre må vi leggje til rette situasjonen eller aktiviteten slik at det er utfordringar som barn og unge er i stand til å meistre. På den måten kan vi hjelpe dei inn i flytsona.

Det er lettare å kome i flytsona når du har moglegheit til å utforske, eksperimentere og prøve ut eigne løysingar. Vi må derfor leggje til rette for at barn og unge har moglegheit til å sjølve vere aktive slik at dei får gjere sine eigne erfaringar, observasjonar og opplevingar. Då er det større moglegheit for at dei blir engasjerte og kjem i flyt.

Utfordringar til deg

  1. Har du opplevd å vere i flyt? Kva gjorde du?
  2. Kva har meistringsglede å seie for motivasjonen din?
  3. Kvifor er det å oppleve glede viktig for læring?

Kjelde

Befring, E. (2016). Grunnbok i spesialpedagogikk. Universitetsforlaget.