Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er motivasjon?

Dei fleste har ei klar oppfatning om kva motivasjon er, og kva som skaper motivasjon. Gjennom kunnskap om ulike teoriar vil du få større innsikt i kva motivasjon er, kva betyding det får for handlingane våre, og korleis du kan støtte og stimulere motivasjonen til barn og unge.

Motivasjon

Å vere motivert er å vere engasjert, aktiv og handlande. Når du er motivert, har du pågangsmot, du er nysgjerrig, og du ønskjer å oppnå noko. Motivasjon er den energien eller drivkrafta som får deg til å starte noko, og som held deg i gang, slik at du får gjennomført det du held på med. Vi kan seie at det er motivasjonen som styrer åtferda di og handlingane dine i ulike situasjonar.

Læring og utvikling

Det positive med å vere motivert er at du er engasjert og meir uthaldande i ulike situasjonar. Du arbeider meir intenst og fokusert, og du har merksemda di retta mot det du skal gjere. Å vere uthaldande medfører at du har lyst til å stå på, og at du held ut når det blir litt vanskeleg. Du vil dermed prøve å løyse problema og utfordringane du møter undervegs. Når du er motivert, aukar lysta til å gjere noko, og du gjer meir, dermed aukar moglegheita til å øve – du blir flinkare og du lærer meir. Motivasjon og engasjement gir dermed auka moglegheit for læring og utvikling.

Psykisk helse

Motivasjon og engasjement bidreg positivt for den psykiske helsa. Når du er motivert og engasjert i å gjere noko, søkjer du etter det positive eller meiningsfulle i situasjonen. Du blir tilfreds med det du gjer. Opplevinga av å lykkast gir ei kjensle av stoltheit og glede, noko som gir livsglede og trivsel. Du utviklar ein optimisme og ein tillit og tiltru til deg sjølv om at du kan meistre utfordringar du møter. Motivasjonen og engasjementet ditt bidreg dermed til at du står betre rusta i møte med ulike utfordringar du møter i andre samanhengar i livet.

Kunnskap om motivasjon

Motivasjon er ikkje noko som kan lærast, men som barne- og ungdomsarbeidar kan du vere med på å inspirere og støtte opp under motivasjonen og engasjementet til barn og unge. Kunnskap om motivasjonsteoriar kan hjelpe deg til å tenkje systematisk gjennom kva forhold som kan ha noko å seie for det enkelte barnet. Det gir deg òg moglegheit til å vurdere kva handlingar du må gjere for å skape eit engasjement hos barn og unge du jobbar med.

Tradisjonell motivasjonsteori

Tradisjonell motivasjonsteori skil mellom ytre motivasjon og indre motivasjon.

Ytre motivasjon

Med ytre motivasjon meiner vi påskjønning (til dømes ros, løn, gode karakterar eller medalje) eller fråvær av sanksjonar (til dømes negative reaksjonar, risiko for "straff" dersom ein gjer ein feil) som oppstår etter at aktiviteten er utført. Kjelda til motivasjon ligg utanfor sjølve aktiviteten.

Indre motivasjon

Med indre motivasjon meiner vi ei ibuande drivkraft som medfører at vi gjennomfører ein aktivitet fordi vi tykkjer det er interessant, og fordi det gir ei lykkekjensle. Eit barn som leiker fritt, blir drive av indre motivasjon. Den indre påskjønninga i form av tilfredsheit, glede eller meining er knytt til dei handlingane vi utfører. Gleda eller dei positive kjenslene gjennomføringa av ein aktivitet eller ei oppgåve gir deg, gjer at du har lyst til å starte, gjere og halde fram. Kjelda til motivasjon ligg i sjølve utføringa.

Fokus på ytre motivasjon

Det blir hevda at for sterkt fokus på ytre motivasjon, som påskjønning, bidreg til at vi mistar motivasjonen som ligg i det å gjere sjølve arbeidet i ein aktivitet eller ei oppgåve. Vi blir meir fokuserte på påskjønninga og ikkje like interesserte eller engasjerte i å gjere sjølve oppgåva.

Fokus på indre motivasjon

Det som gjer barn og unge entusiastiske, er utfordringa og gleda ved å utføre noko som interesserer og engasjerer. Det er noko som har betyding og gir meining, og som skaper glede. Når du er indre motivert, ligg påskjønninga i sjølve utføringa av det du gjer.

Barn og unge som er indre motiverte, søkjer seg òg oftare til meir utfordrande aktivitetar eller oppgåver. Moglegheitene for læring og utvikling er større ved indre motivasjon enn ved ytre motivasjon. Når du er indre motivert og møter problem eller utfordringar, ønskjer du å finne ei løysing og meistre utfordringa. Du har den drivkrafta som skal til for å halde ut, tenkje og prøve deg fram med dei kunnskapane og ferdigheitene du har. Det betyr at du ikkje gir opp viss du gjer feil, men tenker ut nye løysingar og prøver på nytt. Prøving og feiling er altså ein del av prosessen, og gjentaking og øving er naudsynt for å oppnå det du ønskjer, og sikre kvaliteten på det du gjer. Øvingar og gjentakingar bidreg til at du utviklar ferdigheitene dine. Dei nye erfaringane du får undervegs i prosessen, gir deg auka innsikt og forståing og bidreg dermed til læring og utvikling.

Utfordringar til deg

  1. Kva gjer deg motivert og engasjert?
  2. Kvifor har motivasjon betyding for læring og utvikling?
  3. Vi er ikkje alltid like motiverte. Kva gjer du for å motivere deg sjølv?
  4. Kva motivasjonsteoriar kjenner du til?