Motivasjonsfaktorar - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Motivasjonsfaktorar

Miljøet og dei menneska vi møter, kan bidra til å auke motivasjonen vår. Eit trygt oppvekstmiljø og positive relasjonar gir gode føresetnader for at barn og unge ønskjer og tør å utforske.

Nysgjerrigheit og utforsking

Barn har eit indre medfødt behov for å utforske og vere aktive. Nysgjerrige, utforskande barn og unge har ein aktivt deltakande motivasjon, dei vil gjerne finne ut korleis ting heng saman.

Anerkjenn nysgjerrigheita til barnet og undre deg saman med det. Bidra òg til å skape overraskingar som kan pirre nysgjerrigheita til barna og få fram lysta til å gjere.

Tryggleik, trivsel og gode relasjonar

Oppleving av tryggleik og trivsel er ein viktig faktor for motivasjon. Eit miljø der barn og unge opplever seg verdifulle, anerkjende og respekterte, bidreg til at dei blir trygge og dermed tør å utforske og prøve seg fram. For å skape trivsel er det viktig å sjå den enkelte, å vise at du bryr deg om kvart enkelt barn, og å byggje gode relasjonar. Du byggjer gode relasjonar ved at du har godt humør, er engasjert, viser rausheit og viser empati og forståing for kjenslene til barnet.

Bli kjend med det enkelte barnet og finn ut kva ressursar det har. Finn ut kva det liker, kva interesser det har, og korleis det lærer. Bruk det du finn, for å hjelpe barnet med motivasjonen. Gjer synleg det positive ved barnet og legg til rette for meistring. Gled deg saman med barnet over framgang og oppmuntre i motgang.

Tru på eiga meistring

For at utvikling og læring skal skje, trengst det innsats frå barnet sjølv. Det er naudsynt med gjentekne opplevingar av meistring og støtte frå vaksne for at barn skal få tru på eiga meistring. Det å ha tru på eiga meistring påverkar motivasjonen. Vaksne må derfor finne ut kva ressursar eller ferdigheiter barnet har, og leggje til rette for at det kan oppleve meistring.

Det viktige er at vi som vaksne møte barnet med positive forventingar og gir barnet tankehjelp til å utvikle tiltru til eigne evner. Fokuser sterkt på det barnet meistrar, og motiver barnet til å ha tru på at aktiviteten vil lykkast. Set ord på det barnet meistrar for å bidra gjere barnet medvite på at det klarer. Venlegheit og positive og oppmuntrande tilbakemeldingar er viktig. Gi støtte og rettleiing ved å foreslå alternativ og nye innfallsvinklar til måtar å løyse problemet på.

Eit klima der det er lov å gjere feil

Det er viktig å skape eit klima der det er lov til å gjere feil. Alle gjer feil, og det er sunt å gjere feil. Det fører til at ein må prøve på nytt, og dermed ha større moglegheit for å lykkast. Det å gjere feil er ein naturleg del av lærings- og utviklingsprosessen. Er det rom for å gjere feil, vil barn og unge tore å prøve seg.

Medråderett og kontroll

Ei viktig kjelde til motivasjon er opplevinga av medråderett. Det å oppleve at du har moglegheit til å påverke, og at stemma di blir høyrd, er viktig både for trivsel og motivasjon. Å bli involvert og få oversikt over kva som skal skje, og kva som skal gjerast, fører til at du har kontroll på situasjonen, det skaper tryggleik og kan gi motivasjon. Å kunne få bestemme kva og korleis du skal gjere noko, gir ei oppleving av fridom som gir energi til å gjere.

For at barn og unge skal oppleve å ha medråderett, må du lytte til barnet og anerkjenne ønska og meiningane deira. Ta utgangspunkt i interessene til barna når du legg til rette for ulike aktivitetar eller oppgåver. Legg til rette for sjølvråderett, la barna sjølv bestemme kva dei vil gjere, og korleis dei vil gjere det, og oppmuntre forsøket til barna.

Glede og humor

Glede og humor gir oss livskraft og viljestyrke til å halde på. Det inspirerer og gir oss energi. Humor og latter gir deg positive kjensler som kan mobilisere nye krefter. Latter set i gang produksjon av endorfin i kroppen. Endorfin er eit stoff som dempar stress, døyver smerte og får deg til å føle meir velvære. Det bidreg òg til å redusere spenning og angst. Latter og humor skaper stemningar der det er godt å vere. Glede, humor og latter fremjar motivasjon, og samtidig har det betyding for den psykiske helsa vår, at vi har det bra her og no.

Utfordringar

Vi treng utfordringar og noko å jobbe mot eller strekkje oss etter. Viss vi gjer berre det vi klarer, kan det fort bli kjedeleg, og då søkk motivasjonen. Utfordringane må tilpassast kvart enkelt barn. Barn er ulike. Vi må bli kjende med kva barnet kan, og kva det kan klare å få til, og ut frå den kunnskapen leggje til rette for at det har noko å strekke seg etter. Støtt barnet undervegs i utforskinga, og hjelp til slik at barnet kan klare det sjølv.

Relevans eller betyding

Å oppleve at det du gjer, har ein relevans, det vil seie at det har ei betyding for deg eller er viktig for deg, påverkar motivasjonen din. På same måte vil opplevinga til eit barn av at aktiviteten er lystprega og meiningsfylt her og no, gjere at det blir motivert. Det kan til dømes vere at det dei gjer, gir gode kjensler, som glede, spenning og utfordringar eller tilfredsheit.

Viss barnet opplever at aktiviteten eller handlinga dei gjer, vil ha framtidig positiv nytteverdi, bidreg det til å styrkje motivasjon. Det kan til dømes vere når du forstår at for å kommunisere med andre på internett, må du kunne skrive og lese. Då blir du meir motivert for å lære deg det, fordi det har ei positiv betyding for deg.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er tryggleik og gode relasjonar viktige føresetnader for motivasjon?
  2. Korleis kan du skape overraskingar som pirrar nysgjerrigheita til å utforske, i arbeidet med barn og unge?
  3. Kva betyr relevans?
  4. Kva betyding har det for deg at det du lærer, er relevant for framtida di som barne- og ungdomsarbeidar?
Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2021