Oppgave
Undervise om motivasjon
Motivasjon og engasjement bidreg positivt i læringsprosessen. Alle som jobbar med menneske, bør ha kunnskap om motivasjon og kva forhold som påverkar motivasjonen til kvar enkelt positivt.
Gjer deg kjend med temaet motivasjon. Jobb først individuelt med temaet motivasjon, gå deretter saman i ei gruppe og lag eit undervisningsopplegg om motivasjon.
Gjer greie for dei ulike motivasjonsteoriane
- sjølvbestemmingsteorien
- meistringsforventingar
- flytsoneteorien
- Gjer greie for kva motivasjon har å seie for læring og utvikling.
- Gjer greie for ulike motivasjonsfremjande forhold, òg kalla motivasjonsfaktorar.
Lag eit undervisningsopplegget som inneheld både teori om motivasjon, praktiske øvingar og eit skjema for å evaluere opplegget. Gjennomfør opplegget for ein eller fleire Vg1- klassar.
- Avklar med lærar kva klasse de skal gjennomføre undervisningsopplegget for. De må òg avklare tidsramma.
- Lag ein detaljert plan for undervisningsopplegget, som beskriv kva de skal gjere, korleis de vil gjere det, og kvifor de vil gjere det slik. I denne planen må det òg kome fram kven av dykk i gruppa som har ansvaret for å gjennomføre oppgåvene som blir beskrivne i planen.
- Lag eit evalueringsskjema for dei som deltek i undervisninga dykkar.
- Gjennomfør undervisningsopplegget, og be deltakarane fylle ut evalueringsskjemaet i etterkant.
- Evaluer gjennomføringa av undervisningsopplegget.
- Drøft kva som gjekk bra, og kva som kunne vore gjort annleis.
- Lag ei oppsummering av tilbakemeldingane de har fått. Drøft tilbakemeldingane i gruppa og i klassen.
- Diskuter kva de lærte av å undervise andre, og kva denne oppgåva bidrog til for dykkar eigen motivasjon.