Oppmuntring kan skape motivasjon - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Oppmuntring kan skape motivasjon

I filmen Blanke ark får du sjå elevar som får hjelp og støtte til å bli motiverte for læring. Det å oppleve at du meistrar, gir deg tillit og tru på at du kan klare noko. Når vaksne ser når du byrjar å få det til og oppmuntrar deg undervegs, kan det skape motivasjon.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåver

  1. Reflekter over følgjande spørsmål:

    1. Kva gjer deg motivert?
    2. Korleis kan du motivere barn og unge?
    3. Når treng du at andre bidreg til å støtte motivasjonen din?
    4. Opplever du at du er meir motivert for nokre aktivitetar? Kvifor trur du det er slik?
    5. Kva har det å seie for motivasjonen din at du tykkjer det du held på med, er nyttig eller spennande?
  2. Sjå filmen Blanke ark og svar på spørsmåla.

    1. Kvifor er det viktig å sjå det enkelte barnet og leggje vekt på det som er bra?
    2. Nemn nokre viktig eigenskapar eller veremåtar hos vaksne som kan ha betyding for motivasjonen til barn og unge.
    3. Korleis kan du støtte og hjelpe andre med motivasjon?
  3. Lag ein plakat med overskrifta "motivasjon".

    • Jobb gjerne saman i grupper på to–tre elevar.
    • De kan lage plakaten på papp med teikningar og bilete eller på PC.
    • Gå gjerne ut i nærmiljøet og ta eigne bilete av det som motiverer deg, og bruk desse til plakaten.
    • Plakaten skal vise kva motivasjon er, og kva indre og ytre motivasjon kan vere. Her vel du sjølv om du vil uttrykkje det med ord, bilete eller teikningar.
    • Heng opp plakaten i klasserommet.
Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2021