Behov, omsorg og motivasjon - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Behov, omsorg og motivasjon

Maslows behovspyramide viser at vi har behov for å få tilfredsstilt mangelbehova slik at vi kan bli motiverte til å utforske, nytte evnene våre og utnytte potensialet vårt. I arbeid med barn og unge har vi ansvar for å sørgje for at dei får tilfredsstilt mangelbehov gjennom god omsorg i kvardagen.

Del 1. Individuell oppgåve

  1. Kan du setje kvart steg i pyramiden der det høyrer heime?

  2. Teikn Maslows behovspyramide, set inn bilete eller teikn sjølv det du forbind med innhaldet i dei ulike behova.

  3. Vel deg ein eller fleire kvardagssituasjonar (til dømes påkleding, måltid, stell, leik). Drøft korleis du i denne situasjonen kan tilfredsstille mangelbehovet til barn.

    1. Forklar kva du gjer, og kva behov dette tilfredsstiller.

    2. Grunngi kvifor du meiner at det du gjer, bidreg til å tilfredsstille dei ulike behova.

Del 2. Jobb saman med ein medelev

Forklar det følgjande for ein medelev:

  1. Maslows behovspyramide

  2. samanhengen mellom behov, omsorg og motivasjon til å utforske og nytte evnene sine

  3. ansvaret til barne- og ungdomsarbeidaren med utgangspunkt i Maslows behovspyramide

Del 3. Jobb saman i ei gruppe

Diskuter i gruppa:

  1. Kva er samanhengen mellom Maslows behovspyramide og omsorg?

  2. Kva er samanhengen mellom omsorg og motivasjon?

  3. Kvifor har behov for anerkjenning, aksept og oppmuntring frå andre vorte sett på som eit mangelbehov?

  4. Kva samanheng er det mellom behov for anerkjenning og sjølvoppfatninga?

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021