Hopp til innhald
Oppgåve

Leggje til rette for indre motivasjon

Vi lærer best når vi er indre motiverte. I staden for å fokusere på å motivere menneske bør vi ifølgje sjølvbestemmingsteorien prioritere å leggje mest mogleg til rette for at dei skal motivere seg sjølve. Men korleis gjer vi det?

Oppgåver

  1. Reflekter først individuelt over desse spørsmåla, diskuter deretter i par eller i grupper. Samanfatt til slutt i klassen.
    1. Kva fordelar og ulemper har ytre kontrollert motivasjon?
    2. Kva fordelar gir indre motivasjon?
    3. Kva har motivasjonen din å seie i arbeidet med barn og unge?
    4. Kva er viktig å ta utgangspunkt i når du skal planleggje ein aktivitet eller ei oppgåve for barn og unge slik at dei blir indre motiverte?
    5. Kva er samanhengen mellom leik og indre motivasjon?
  2. Korleis kan de leggje til rette for at barn og unge skal motivere seg sjølve, altså bli indre motiverte? Lag ei liste med stikkord ut frå spørsmåla nedanfor.
    • Korleis skape tilhøyrsel?
    • Korleis skape nysgjerrigheit?
    • Korleis leggje til rette for positive meistringsopplevingar?
    • Korleis leggje til rette for sjølvbestemming?
    • Korleis leggje til rette for at barn og unge opplever glede i det dei gjer?
  3. Planlegg, gjennomfør og evaluer ein aktivitet der de jobbar med indre motivasjon.
    1. Planlegg ein aktivitet for barn og unge. De vel sjølve aldersgruppe.
    2. Beskriv i planen kva de som vaksne må gjere for å leggje til rette for den indre motivasjonen til barn og unge.
    3. Gjennomfør aktiviteten med klassen.
    4. Gruppene evaluerer seg sjølve og kvarandre.