Sjølvbestemmingsteorien
Edward Deci og Richard Ryan som står bak sjølvbestemmingsteorien, seier at motivasjon ikkje er noko vi anten har eller manglar. I staden meiner dei at det finst god motivasjon og dårleg motivasjon. Dei skil mellom kontrollert motivasjon (ytre motivasjon) og autonom motivasjon (indre motivasjon med sjølvbestemming).
Kontrollert motivasjon forfører oss til å handle med eit tilbod om ei påskjønning, eller gjer at vi føler oss tvinga til å handle med ein trussel om straff. I begge desse tilfella vil vi føle eit press som skaper spenningar og angst i oss. Dei meiner at når motivasjonen vår er kontrollert, har vi ein tendens til å ta den kortaste vegen til ønskt resultat.
Sjølvbestemmingsteorien fokuserer på samanhengen mellom sjølvbestemming og indre motivasjon. Menneske som er indre motiverte, arbeider ganske enkelt med oppgåver fordi dei liker det. Gleda eller dei positive kjenslene gjennomføringa av ein aktivitet eller ei oppgåve gir deg, gjer at du har lyst til å gjere det. Viss du er interessert i ein aktivitet og du liker å gjere det, er motivasjonen inni deg, klar til å setje deg i gang med ei handling.
Når ein person kan bestemme over seg sjølv og kan ta eigne val i handlingane sine, vil det gi ei oppleving av å vere styrt av eigne verdiar og interesser. Denne sjølvbestemminga fører til at personen er "sjølvgåande", det vil seie at ho eller han utfører arbeidsoppgåver og tek initiativ av eigen fri vilje, utan at bruk av ytre motivasjon er naudsynt.
Sjølvbestemmingsteorien tek utgangpunkt i at mennesket har tre grunnleggande, medfødde psykologiske behov som må tilfredsstillast for optimal vekst og utvikling. Desse behova er oppleving av tilhøyrsel, oppleving av kompetanse og oppleving av sjølvbestemming (autonomi). Tilfredsstilling av dei tre psykologiske behova er naudsynt og positivt for indre motivasjon.
Oppleving av tilhøyrsel
Oppleving av tilhøyrsel er sentralt i sjølvbestemmingsteorien. Positive sosiale relasjonar, tillit, respekt og anerkjenning er vilkår for opplevinga av tilhøyrsel. Barnet må oppleve å bli sett og verdsett, då får det òg større moglegheit for integrering av verdiar og reglar, slik at barnet dermed aksepterer ytre påverknader for å nå eit verdsett mål.
Oppleving av kompetanse
Barnet må oppleve å ha tilstrekkeleg kompetanse for å løyse oppgåva. Barnet må oppleve at det meistrar og har evna til å oppnå ønskt resultat, for slik å oppnå det som er ønskt i situasjonen. Innhaldet i oppgåvene må gi utfordringar, men samtidig må altså barnet oppleve at det har tilstrekkeleg kompetanse til å løyse utfordringane.
Kjensla av kompetanse er avhengig av det sosiale aspektet. Å oppleve støtte og anerkjenning har betyding for indre motivasjon. Tilbakemeldingar og anerkjenning både undervegs og når arbeidet er gjort, er av betyding. Tilbakemeldingar som gir støtte og oppmuntring, kan bidra til at barnet får større tru på at det får det til. Det bidreg til å byggje opp trua til barnet på seg sjølv og kompetansen sin, sjølvtilliten blir auka. Det gir energi til å gjere eller halde fram det dei held på med.
Oppleving av sjølvbestemming (autonomi)
Barn og unge har behov for å føle at dei er sjølvstendige, at dei kan handle, tenkje og bestemme sjølv. Dei må derfor oppleve å ha tilstrekkeleg sjølvbestemming (autonomi) i det dei skal gjere. Det vil seie ei kjensle av at det dei gjer, er frivillig. Det handlar mellom anna om fridom med omsyn til val av framgangsmåte, at dei sjølv kan velje og bestemme korleis ei oppgåve eller aktivitet skal løysast. Samtidig må dei oppleve oppgåvene som skal gjerast, som meiningsfulle. Autonomi er spesielt viktig for arbeidsoppgåver som krev stor grad av kreativitet og abstrakt tenking.
Barn og unge som opplever at dei har sjølvbestemming og at dei meistrar oppgåver dei deltek i, og som har nære relasjonar til andre barn og vaksne, vil i større grad trivast og ha ei sunn utvikling. Denne tilfredsstillinga av behov fører til at barna er drivne av ein motivasjon prega av indre glede og tilfredsheit.
Jobben vår er å leggje forholda til rette slik at barn og unge opplever seg indre motiverte i det dei skal gjere. Ta perspektivet til barnet. Ut frå det har du moglegheit til å sjå og leggje til rette for behova til barnet. Støtt utforsking. La dei få prøve nye måtar, og gi dei valmoglegheiter slik at dei får vere med og ta avgjerder i prosessen.
Ved å gi barna ei meiningsfylt forklaring på kvifor du ønskjer at dei gjer noko, kan du bidra til at dei skjønner kvifor det er viktig, og det kan føre til at det blir viktig for dei òg.
Det er verd å merke seg at kjensler står sentralt for om barnet får ein indre motivasjon til å handle. Det hjelper lite at du som vaksen sjølv meiner at du gir støtte og val, viss ikkje barnet òg opplever det slik. Kjenslene og erfaringane til barnet er grunnleggande i denne teorien. Derfor er det naudsynt at du som vaksen er sensitiv og oppfattar signala til barnet. Sensitive vaksne har mykje å seie for å sjå om den hjelpa, støtta og vala barnet har, gir barnet indre motivasjon.
- auka kreativitet
- større moglegheit til å klare vanskelege oppgåver
- oppleving av tilhøyrsel
- oppleving av trivsel
- auka tilfredsstilling hos den enkelte
- positive kjensler
- positive effektar for helsa
Utfordringar til deg
- Kva tenkjer du sjølvbestemming har å seie for motivasjonen din?
- Når opplever du at du er indre motivert?
- Kva må du tenkje på for å bringe fram indre motivasjon hos barn og unge?
- Kan ytre motivasjon nokre gonger gjere at du blir indre motivert?
Relatert innhald
Gagne, M. og Deci, E. L. (2005). Self-determination theory and work motivation. Journal of Organizational Behavior, vol. 26, 331–362.
https://doi.org/10.1002/job.322
Utvær, B. K. (2015). Meningsfull fag- og yrkesopplæring – betydningen av aspirasjoner, motivasjon og ulike former for støtte. I K. Hansen, T. L. Hoel & G. Haaland (Red.), Tett på yrkesopplæring: Yrkesrelevant, tilpasset og samfunnstjenlig? (s. 178–196). Fagbokforlaget.