Oppgave
Tangerudbakken i symjehallen
Kva som motiverer oss, varierer frå person til person. Det er derfor naudsynt å kartleggje kva som motiverer kvar enkelt brukar, og deretter planleggje og gjennomføre aktivitetar som tek vare på helse og livskvalitet.
Sjå filmen og svar på oppgåvene individuelt før de diskuterer i klassen.
- Kvifor er det viktig at Bjørn Terje finn treningsaktivitetar han liker?
- Kvifor er det viktig at Lasse deltek på aktivitetane saman med Bjørn Terje?
- Korleis klarer Lasse å motivere Bjørn Terje til å gjennomføre desse aktivitetane?
- Korleis blir brukarmedverknad sikra her?
- Kva form for påskjønning opplever Bjørn Terje på kort og lang sikt?
- Gi døme på noko Lasse seier eller gjer som du vil definere som gode haldningar for ein helsefagarbeidar. Grunngi kvifor du synest dette er gode haldningar.
- På kva måte bidreg Lasse til at Bjørn Terje får eit godt sjølvbilete? Gi døme.