Meistringsforventingar
Korleis barn tenkjer og føler om seg sjølve, påverkar åtferda deira. Dette gjeld spesielt når dei står overfor vanskelege og utfordrande situasjonar. Den kanadiske psykologen Albert Bandura hevdar at forventingane våre om meistring i ein situasjon, aktivitet eller oppgåve påverkar motivasjonen vår. Forventingane våre om meistring har noko å seie for dei vala vi tek, for den innsatsen vi yter, og for uthaldet vårt. Dette er ekstra viktig når oppgåva blir krevjande eller vanskeleg.
Vi har alle ein trong til å unngå situasjonar eller aktivitetar som vi tenkjer at vi ikkje er i stand til å meistre. Når du tviler på eigne ferdigheiter, vil du redusere innsatsen og fortare gi opp. Viss du trur du får det til, har du større mot til å gå laus på oppgåvene og større uthald når du møter på problem undervegs.
To ulike forventingar
Bandura skil mellom to forventingar som har betyding for motivasjon. Den eine er forventingane våre om vi klarer å utføre ei bestemd oppgåve (meistringsforventing). Den andre er forventingane våre om kva som kjem til å skje viss vi greier oppgåva.
Kva forventingar du har til kva du vil oppnå i ein bestemd situasjon, heng saman med kva måla dine er. Ønskjer du å oppnå ytre påskjønning som ros eller gode karakterar, vil forventinga om påskjønning ha betyding for motivasjonen din. Men har du ei forventing om at du i løpet av prosessen vil klare å utføre det som blir kravd, så vil dette åleine kunne gjere deg motivert for å gå i gang med aktiviteten. Då vil det å oppleve meistringskjensle i prosessen og i etterkant vite at dette meistrar du, vere det som gir motivasjon. Det gir deg òg sjølvtillit til å prøve andre ting.
For å støtte opp under meistringsforventingane til barn og unge er det naudsynt at vi legg til rette slik at dei erfarer meistring. Det å ha opplevd meistring i ulike situasjonar påverkar oppfatninga til barnet av eigen kompetanse og tru på seg sjølv (sjølvtillit).
Det betyr ikkje at barn og unge ikkje skal ha nokre utfordringar og berre gjere rutinemessige oppgåver som dei meistrar. Vi må leggje til rette for at utfordringar er tilpassa den enkelte slik at dei er realistiske og overkomelege. På den måten vil dei anstrengje seg meir og dermed oppleve reell meistring.
Vi har behov for å føle at vi er verdifulle, og at vi betyr noko for andre. Når barn og unge føler at dei manglar kompetanse eller ferdigheiter, motivasjon eller tru på seg sjølve, er det naudsynt med rikeleg emosjonell støtte og oppmuntring. Det handlar om å forstå, stadfeste og anerkjenne kjenslene til barnet i situasjonen, samtidig som du motiverer og engasjerer.
Ved å tilby emosjonell støtte viser du at du bryr deg om kjenslene til barnet og bidreg til at barnet opplever seg som verdifull, noko som er positivt for sjølvkjensla til barnet. På den måten bidreg du til å skape ein positiv relasjon mellom deg og barnet. Positive relasjonar er svært viktige for motivasjonen, trivselen og læringa til barn.
Det å gi støtte og oppmuntring har betyding for forventinga til barn og unge om å meistre i ulike situasjonar. Set ord på det dei kan og får til, det hjelper dei med å utvikle ei forståing av sin eigen kompetanse, at dei kan. Verdset innsatsen til barnet. Gi positive tilbakemeldingar og innspel undervegs på det barnet gjer. Vis at du har positive forventingar til at dei vil meistre. Dette kan bidra til at dei utviklar eigen optimisme, og styrkjer trua på eigen kompetanse og meistring i ulike situasjonar.
Meistringsforventingar handlar òg om å gi barn og unge rettleiing og forklaringar undervegs, slik at det gir større moglegheit for å lykkast. Avhengig av kvar barnet er, må du tilpasse om du skal gi praktisk hjelp, forklare eller rettleie. Praktisk hjelp og forklaring dreier seg om å fortelje eller vise kva dei skal gjere. Når du viser, demonstrerer og forklarer, kan barn og unge observere kva du gjer, og deretter prøve det ut sjølve. På den måten blir du ein modell som viser at ei oppgåve eller aktivitet er mogleg å løyse, og det kan verke inn på motivasjonen til barnet.
Det er viktig at ein rollemodell viser ei genuin interesse, er engasjert, nysgjerrig og undrar seg saman med barna. Dette er ein veremåte som kan "smitte" og skape motivasjon og engasjement hos andre.
Hjelpa som blir gitt, bør vere på ein slik måte at barn og unge sjølve finn løysinga ved at dei får tilstrekkeleg hint, forklaringar, korrigeringar og oppmuntringar. Opplevinga av meistring vil kjennast større dersom dei opplever at det er dei sjølve som løyser utfordringa.
Skaalvik, E. M. & Skaalvik, S. (2014). Skolen som læringsarena. Selvoppfatning, motivasjon og læring (2. utg.). Universitetsforlaget.