Hopp til innhald

Fagstoff

Finn og bruk faglitteratur

Korleis kan du finne og bruke relevant faglitteratur til arbeidet med tema frå fagområdet ditt?
Tre ungdomar ser på ein dataskjerm.Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relevant informasjon

Det er viktig å halde tunga rett i munnen når du skal søkje etter informasjon på internett. Viss du søkjer på eit emnenord, er du ikkje garantert at kjeldene du får opp er dei mest relevante for fagområdet ditt. Derfor er det lurt å lære seg å søkje meir spesifikt.

Det er mange stader du kan finne informasjon når du skal utforske eit emne frå programfaga dine. Lærebøker, fagartiklar på nett, og faglitteratur som tidsskrift, lovverk og andre skriftlege dokument, er gode stader å starte.

For mykje informasjon er ikkje alltid ein god ting

Eit problem ved nettsøk er at det kan vere for mykje informasjon om eit emne, slik at det blir vanskeleg å fordøye og orientere seg i mengda av kjelder. Då kan det vere ein god strategi å snevre inn søket ved å sjå etter meir fagspesifikk informasjon for fagområdet ditt, eit område du har mykje kunnskap i frå før. Det gjer at du lettare kan tolke og bruke den nye informasjonen du får.

Viss du blir kjend med gode kanalar for faglitteratur innan faget ditt, er det lettare å gjere effektive søk og vurdere kva kjelder som passar til formålet ditt.

Eit døme

Vi tenkjer oss at du skal finne ut kva ein elev som går Vg2 transport og logistikk kan gjere med klimautslepp i bransjen sin. Viss du gjer eit nettsøk på "transport og klima", får du opp mange ulike artiklar frå fleire nettstader.

Mange av desse ressursane er gode og pålitelege, men dei gir deg mykje generell informasjon frå mange ulike fagområde. Det kan vere vanskeleg å fordøye og orientere seg i informasjonen når det blir for mykje av han, og han blir for generell.

Klima er eit emne det blir skrive enormt mykje om. Sjølv om det er viktig å ha mykje kunnskap frå fleire fag om dette temaet, er det heller ikkje meininga at du skal måtte setje deg inn i informasjon av høg vanskegrad frå andre fagområde når du skal jobbe med problemstillinga i faget ditt.

Viss du søkjer med same søkjeord i bransjetidsskrifta Moderne transport og Transport og logistikk, får du opp artiklar som handlar om klimatiltak i transportsektoren. Viss du les desse først, er det nok lettare å lese meir generelle artiklar om temaet etterpå, for då har du noko konkret å knyte informasjonen til.

Oppgåve:

Leit på nett etter nettbaserte tidsskrift og ressursar for fagområdet du utdannar deg innan, eller spør faglærarar om tips.

Ikkje for vanskeleg, ikkje for lett

Ei anna vurdering som vi ofte tek når vi vel kjelder frå nettsøk, er kor vanskeleg kjelda er å lese. Vi vel ofte bort lange tekstar og tekstar med det vi oppfattar som for komplisert språk. Er dette alltid lurt?

Viss teksten har så komplisert språk og vanskelege omgrep, at du har problem med å forstå heile innhaldet, kan det vere lurt å sjå om du finn andre kjelder som forklarer emnet enklare. Samtidig bør teksten ha god nok fagleg informasjon.

I fagspesifikke tekstar blir det ofte brukt ein del fagomgrep. Fagomgrepa er viktige når du skal lære meir i faget ditt, fordi dei kan gi mykje meir presis informasjon enn viss det berre blir brukt kvardagsspråk. Derfor er det heller ikkje lurt å velje den enklaste teksten, med berre kvardagsspråk. Då løner det seg å velje ein tekst der du forstår det meste, og at du jobbar med å finne ut kva vanskelege omgrep betyr.

Les meir om korleis du kan utforske fagomgrep i artikkelen "Korleis lære seg fagomgrep?"

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2019

Læringsressursar

Yrkesretta sjangrar