Hopp til innhald

Litterære tekstar

Døme: rapport, helsearbeidarfag

Dato: 1. november 2018
Til: Faglærar Merete Halvorsen
Frå: Trine Hågensen, 2HEA
Sak: Utplassering

Rapport

Innleiing

Alle elevane i klasse 2HEA er utplasserte på institusjon ein gong i veka. Her skal vi få oppleve i praksis det vi lærer om på skulen, og for å lære nye ting. Eg er utplassert på Kariåsen sjukeheim, som ligg ikkje så langt frå der eg bur. Eg brukar å vere med på det meste dei tilsette gjer der, men dagen eg skal skrive rapport om, er onsdag i veke 43.

Utplasseringsstaden

Eg har ennå ikkje fått nøyaktige tal på kor mange som jobbar på Kariåsen sjukeheim. Det er for tida mange som har permisjon på grunn av graviditet eller sjukdom, og dei har fått tilsett mange vikarar.

Dei tilsette eg har blitt kjend med har forskjellige typar utdanning, som helsefagarbeidar, hjelpepleiar og sjukepleiar. I tillegg samarbeider dei mykje med andre yrkesgrupper, som fysioterapeut, fotterapeut, lege og frisør, som alle kjem når det er nødvendig.

Det bur 16 personar på denne sjukeheimen, og alle klientane treng mykje hjelp mesteparten av tida. Sjukeheimen har òg nokre leilegheiter rett ved, men der bur det berre menneske som treng lite hjelp, så eg jobbar ikkje der. Alle som bur på sjukeheimen er friske psykisk, men dei har eit stort behov for hjelp fordi dei er veldig svekte fysisk.

Arbeidstida

Eg jobbar i sju timar kvar gong eg er i praksis. Arbeidstida mi er frå 07.30 til 15.00. Eg er på sjukeheimen så tidleg for at eg skal rekkje å få med meg morgonrapporten. Pausar tek dei tilsette når det er stille, det vil seie når ingen bebuarar treng hjelp eller pleie, og når det ikkje er nokon oppgåver att som skal utførast.

Arbeidet mitt

Onsdag i veke 43 var ein dag eg hadde mange oppgåver. Om morgonen var det som vanleg rapport, og deretter stell. Eg fekk vere med på å stelle ein bebuar som er sengeliggjande. Vi tok heilvask på ho, og eg fekk for første gong sjå ein urinpose bli tømd.

Då vi var ferdige med å hjelpe den første bebuaren, gjekk vi vidare til ein eldre mann. Han klarer for det meste å stelle seg sjølv, men han slit med ryggen. Vi måtte då hjelpe han med å få på seg kleda og kome seg til frukostbordet.

Eg laga frukost rundt klokka 8.30 og serverte og gav mat til dei som trong det. Etter frukosten pleier bebuarane å sove litt fordi medisinane gjer dei trøytte, og vi måtte hjelpe alle som ikkje allereie var i seng.

Då dei alle saman var på romma sine, tok vi oppvasken. Rundt klokka 12.15 begynte vi å lage middagen, og på same tid blei bebuarane vekte. Klokka 13.00 var det middag, og eg serverte og gav deretter mat til ein pasient som har hatt hjerneslag. Ho greier førebels nesten ikkje å bevege seg, berre vifte med hendene når ho er lei seg.

Etter maten sov alle saman att. Nokre søv mindre enn andre, derfor måtte vi passe på om det var noko dei ville, så vi kikka ofte innom romma deira. Ein pasient som er sengeliggjande ville ha hårvask. Eg har prøvd på dette på skulen før, så eg fekk lov til å vere med på hårvasken.

Etter det skulle vi hjelpe ein pasient som er lam i heile kroppen. I dag skulle han på besøk til barna sine. Han ville gjerne ha hjelp til å stelle seg. Eg var med og henta ting, men for det meste observerte eg berre.

Rundt kl. 14.30 var det kaffikos. Den førebudde eg saman med dei tilsette. Etter kaffikosen drog eg heim.

Vurdering av arbeidsstad og utplassering

Arbeidsmiljøet her er flott. Alle menneska er hyggelege, og dei er flinke til å ta meg med når dei skal utføre oppgåver som passar for meg som skal lære. Eg føler aldri at eg er til bry, for dei tilsette her er veldig flinke til å inkludere meg.

Eg er veldig glad for at vi er utplasserte og for at eg har kome til Kariåsen. Ting blir mykje lettare å lære når alt er ”i røynda”. Det er stor skilnad på å skifte sengetøy på ein som verkeleg er sengeliggjande, og på ein ungdom som berre lèt som. Stemninga er heilt annleis, og ein er meir forsiktig når ein utfører oppgåvene. Eg syntest til dømes at det var litt skummelt å gi mat til ein av pasientane som på ingen måte kunne seie om maten var for varm, om det var for mye mat eller om ho ville ha meir å ete. Men eg lærer ved å prøve.

Eg har litt problem med sterk lukt, men når eg ser at ein person sårt treng hjelp til å få stelt seg, gløymer eg problemet og tenkjer berre på at dette faktisk er naudsynt. Det kjennest godt å ha hjelpt nokon med nødvendige gjeremål som dei ikkje greier sjølv.

Eg har lært veldig mykje om stell, og no hugsar eg lettare det som står i læreboka. Ting sit mykje betre i hovudet når ein har opplevd dei.

Utplasseringa er flott, men eg trur ikkje helsefagarbeidaryrket er noko for meg. Eg har valt denne linja for å skaffe meg erfaring og for å prøve ting. Det eg heilt sikkert veit, er at eg ein gong skal ha ein jobb der eg hjelper menneske.

Trine Hågensen

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2019

Læringsressursar

Yrkesretta sjangrar