Døme: rapport, barne- og ungdomsarbeiderfag
Dato: 10. oktober 2018
Til: Norsklærar Kristine Hansen
Frå: Anine Pettersen, 2BUB
Sak: Utplassering i barnehage
Innleiing
Onsdag 6. september byrja eg praksisen min i Kløverenga barnehage. Der skal eg vere utplassert fram til juleferien.
Om utplasseringsstaden
Kløverenga barnehage er ein kommunal barnehage. Som alle barnehagar blir han blir driven etter barnehageloven og dei forskriftene som høyrer med til loven. Dessutan byggjer barnehagen arbeidet sitt på følgjande verdigrunnlag:
Vi fremmer ein varm og triveleg atmosfære i Kløverenga barnehage, der barn og vaksne får positive erfaringar gjennom samvere med andre menneske.
Barnehagen har 68 born som er fordelte på fire avdelingar: På ”Maurtua” og ”Trollstua” er det born i alderen 0-3 år, medan borna på dei to største avdelingane, ”Revehi” og ”Tusenfryd” er 3-6 år gamle.
I barnehagen er det 16 fast tilsette og to barnehagelærarstudentar frå OsloMet. Dei tilsette har forskjellige typar utdanning, som førskolelærar, fagarbeidar, pedagogisk leiar, spesialpedagog og assistent.
Kløverenga barnehage har lyse og trivelege lokale, og det er lett å trivast her. Opningstida i barnehagen er kl. 06.45 – 16.45.
Arbeidsoppgåvene mine
Eg byter på å vere på avdelingane ”Maurtua” og ”Revehi” og er med på dei daglege aktivitetane og måltida:
”Maurtua”
Kl. 09.00 - 11.00 Frileik og aktivitetar
Kl. 10.30 –11.00 Samling/grupper
Kl. 11.00 – 12.00 Lunsj (matdag; bakst, suppe, pizza osv.)
Kl. 12.00 – 14.00 Uteleik, og kvile for dei små
Kl. 14.00 – 14.30 Ettermiddagsmat (matpakker)
Kl. 14.30 – 16.00 Frileik og aktivitetar
”Revehi”
Kl. 09.00 – 11.00 Frileik og aktivitetar
Kl. 10.30 – 11.00 Samling, leik og prosjekt i smågrupper
Kl. 11.00 – 12.00 Lunsj (matpakker)
Kl. 12.00 – 14.00 Uteleik
Kl. 14.00 – 14.30 Ettermiddagsmat (matpakker)
Kl. 14.30 – 16.00 Frileik og aktivitetar
Vurdering av utplasseringsstad og eigen innsats
Eg synest utplasseringsstaden er flott. Eg trivst i lokala og saman med barna og de tilsette. Det er eit veldig bra arbeidsmiljø i barnehagen. Dessutan tek dei tilsette omsyn til at eg er der for å lære, det er mykje eg ikkje kan enno.
Eg synest òg at min eigen innsats er bra. Eg tek initiativ til ting sjølv, og ser ofte kva eg kan gjere for å hjelpe til. Det eg kan bli litt flinkare til, er å få endå betre kontakt med barna, både dei små og dei store.
Alt i alt er eg veldig nøgd med utplasseringa, eg lærer mykje og forstår no betre korleis teori på skulen og praksis i barnehagen heng saman.
Anine Pettersen