Beskriv ei arbeidsoppgåve i programfaget ditt - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Beskriv ei arbeidsoppgåve i programfaget ditt

Ta utgangspunkt i ei praktisk arbeidsoppgåve eller prosess frå eit programfag. Kva er målet med oppgåva? Kva slags utstyr treng du? Kva fagomgrep må du bruke for å beskrive oppgåva på ein presis måte?

Lag ein skriftleg instruks

Vel ei praktisk arbeidsoppgåve som er viktig i programfaget ditt. Spør gjerne programfaglærar om hjelp til å finne arbeidsoppgåver eller prosessar som er sentrale i faget.

  • Lag ein skriftleg instruks der du beskriv korleis denne oppgåva eller prosessen skal utførast.

  • Målgruppa for instruksen er tilsette og lærlingar på ein arbeidsplass der oppgåva er relevant, altså fagpersonar og kollegaer.

  • Under ser du eit døme på korleis dette kan gjerast:

Relatert innhald

Dette må du tenkje på når du lagar instruksen:

  • Begynn med å beskrive målet med oppgåva eller prosessen.

  • Ha med ei liste over utstyret du treng for å utføre oppgåva.

  • Beskriv oppgåva steg for steg.

  • Beskriv sider ved oppgåva eller prosessen som er spesielt vanskelege eller viktige, og korleis du kan unngå vanlege feil.

  • Bruk fagomgrep og fagkunnskap som målgruppa kjenner til når du beskriv oppgåva så presist og lettfatteleg som mogleg.

  • Bruk språk og oppsett på ein måte som gjer innhaldet lett å oppfatte. Få tips til korleis du gjer dette i artikkelen "Skriftleg kommunikasjon - intern" under.

  • Bruk bilete og diagram som støttar og utfyller dei skriftlege skildringane.

  • Finn nyttige tips til arbeidet med instruksen i fagressursane nedst på sida.

Relatert innhald

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2021