Øving
Korleis kan det seiast betre?
Les gjennom setningane nedanfor. I nokre av dei er det ord som er brukt feil, andre setningar er kanskje for lange eller tunge, eller uttrykksmåten er ikkje høfleg nok. Lag forslag til forbetringar!
- Eg viser til søknaden dykkar om ekstrahjelp i Adresseavisen 5. desember.
- Eg vender meg til annonsen i Nordlys 8.oktober og søkjer med dette den ledige stillinga.
- Eg søkjer om lærlingplass ved bedrifta dykkar, etter samtale med leiar for bedrifta, Viggo Hansen, som bad meg sende ein skriftleg søknad.
- Eg er 17 år gamal, og til dagleg speler eg fotball i Sporty Ballklubb og går på Verdal vidaregåande skole, Vg2 idrettsfag.
- Jobben trur eg vil passe meg bra, for eg er arbeidsam og har eit godt lag med menneske.
- Har tidlegare jobba to år hos baker Nalum og to somrar som is- og avisseljar frå båt, pluss ein del strøjobbar rundt om.
- Eg har òg hatt ein del andre småjobbar. For meir informasjon, sjå CV.
- Eg håper løna er grei og møter til intervju dersom det er naudsynt.
- Håper på eit positivt svar frå dykk så snart som mogleg. På førehand takk.
- Så eg smør meg med tålmod og håper på eit positivt svar.
- Eg håper at vi kan bli einige om jobben når de tar kontakt med meg.