Hopp til innhald

Litterære tekstar

Døme: søknad på stilling som lærling

Ein enkel søknad der skrivaren fokuserer på at han er motivert og har erfaring og eigenskapar som gjer at han kan passe inn i bedrifta.

Andreas Solberg
Kirkegata 21
3258  LARVIK                                                                15april 2016

Risøya Bilservice AS
Storgata 15
3290 Larvik

Søknad på stilling som lærling

Eg viser til annonse i Sandefjords Blad 11. april og søkjer med dette på den ledige stillinga som lærling i bilmekanikarfaget. Eg er snart ferdig med Vg2 køyretøy på Thor Heyerdahl videregående skole og har vore utplassert i bedrift ein dag i veka dette skuleåret. Utplasseringa har verkeleg gitt meirsmak, og eg er veldig motivert til å satse på bilmekanikaryrket.

Eg ser på meg sjølv som ein pliktoppfyllande og sjølvstendig person som er til å stole på og glad i å jobbe. Utplasseringa og sommarjobben eg har hatt i tre år no, har lært meg ein del om god kundebehandling og service. Eg har også lært kor viktig det er med eit godt samarbeid på jobben, og eg har fått skryt for at eg er flink til å bidra til eit godt sosialt miljø.

Som referansar kan eg gi opp kontaktlæraren min på Thor Heyerdahl videregående skole, faglærar Ivar Næss (tel. 33 00 22 09), avdelingsleiar Per Ola Nygard hos Bertel O. Steen (tel. 33 19 77 33) og dagleg leiar for Brænden storkiosk, June Christensen (tel. 45 25 96 23).

Eg kan begynne i stilling når som helst etter skoleslutt 19. juni. Eg håper på eit positivt svar og møter gjerne til intervju.

Med helsing


Andreas Solberg
Andreas Solberg

Vedlegg: CV

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2019

Læringsressursar

Yrkesretta sjangrar