Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forarbeid til fagartikkel

Å skrive om faget ditt kan hjelpe deg å lære om det. Du må vurdere informasjon om temaet og setje han inn i ein ny samanheng. Noko av det viktigaste er å gjere eit godt forarbeid. Her får du tips om korleis du kan arbeide med eit emne innanfor programfaga dine.
Fargerike bokstavar ligg strødd på kvit overflate.bFoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er mange tema frå programfaga som kan vere relevante å skrive fagartikkel om. Nokre tema er relevante på tvers av mange yrkesfaglege retningar, som kommunikasjon, medan andre er spesifikke for fagområdet ditt.

Oppgåver

Oppgåve 1: Korleis skriv du ein fagtekst?

  1. Kva veit du frå før om det å skrive fagtekstar? Noter minst fem punkt.
  2. Les fagartikkelen om skriftleg kommunikasjon (sjå nedst på sida), og noter deg fem skrivetips frå han. Kva var nytt for deg?
  3. Del det du veit om å skrive ein fagartikkel med ein medelev, og diskuter kva de synest er vanskelegast, kva de må jobbe mest med.
  4. Lag deg ei sjekkliste med punkt som du meiner er viktige å passe på når du skriv fagtekstar. Denne kan du bruke både undervegs og etter skrivinga.

Oppgåve 2: Utforsk temaet du skal skrive om

  1. Ein effektiv måte å få fram mange idear og tankar på, er alfabet-metoden. Skriv dei ti første bokstavane i alfabetet på papirlappar. Skriv eit stikkord eller ein setning om temaet på kvar bokstav.
  2. Del ideane i klassen, anten munnleg, eller ved at lappane blir lagde eller klistra ved bokstavane på tavla.

Oppgåve 3: Hent ny kunnskap om temaet

  1. Bruk kjelder til å utdjupe og byggje på den kunnskapen du allereie har om temaet du skal skrive om. Les om temaet i fagrelevante kjelder som lærebøker, artiklar her på NDLA, eller andre kvalitetssikra og tilpassa kjelder på papir eller nett.
  2. Les heile kjelda først og skriv så eit samandrag av innhaldet med eigne ord. Då ser du om du har forstått det du har lese, og du kan bruke notata når du skriv fagartikkelen din. Då unngår du å skrive rett av frå kjeldene.
  3. NB! Du må alltid føre inn kjeldene du har brukt i teksten du skriv, så hugs å notere ned undervegs kvar du har funne informasjonen.

Skriv du artikkel om kommunikasjon?

Då kan desse ressursane frå NDLA vere nyttige:

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2019

Læringsressursar

Yrkesretta sjangrar