Hopp til innhald

Litterære tekstar

Døme: rapport, restaurant- og matfag

Dato: 16. mai 2018
Til:
Faglærar Lillian Kaupang
Frå
: Linda Hansen
Sak: Praksisdag på kjøkenet

Rapport


Innleiing

Måndag 15. mai 2018 arbeidde klasse 1RMA på kjøkenet frå kl. 8.30 til kl. 12.00. Eg fekk i oppgåve å lage festkake til 17. mai. Sukkerbrødet til kaka hadde vi laga på førehand, så det som stod att var å fylle og pynte kaka.

Kompetansemål for arbeidet

Råstoff og produksjon:

  • setje saman og gjere i stand enkle måltid på eit kreativt og estetisk godt vis.
  • praktisere god produksjonshygiene, godt reinhald og god personleg hygiene og gjere greie for kvifor dette er viktig for god produksjonsflyt

Bransje, fag og miljø

  • Bruke arbeidsteknikkar og arbeidsstillingar som er funksjonelle og som førebyggjer belastningsskadar
  • greie ut om samanhengen mellom ergonomi og helse

Arbeidet mitt

Eg begynte med å vaske og reinske jordbær og røre dei med sukker. Så delte eg sukkerbrødet i tre og dynka det med mjølk.

Neste jobb var å piske krem av fløte og litt sukker. Eg blanda 2/3 av kremen med dei rørde jordbæra og fylte kaka. Resten av kremen fordelte eg oppå og rundt kaka.

Så knadde eg marsipanen til han var mjuk, kjevla han ut, rulla han på ein trepinne og deretter over på kaka så heile kaka blei dekt. Eg passa på at lokket blei jamt og skar bort overflødig marsipan. Så brukte eg sprøytegelé, skreiv "Hurra!" på kaka og teikna eit norsk flagg på ho.

Eigavurdering

Arbeidet med å pynte kaka gjekk stort sett bra, men då eg skulle skrive "Hurra!" med sprøytegeléen, bomma eg litt. Eg måtte skrape av geléen og vente til marsipanen hadde tørka litt før eg kunne prøve igjen. Andre gongen gjekk det greitt, og eg syntest resultatet blei bra.

Elles synest eg at eg var flink til å halde orden og passe på god hygiene. Eg var nøye med handvask. Eg rydda bort reiskapane så snart eg ikkje trong dei meir, skylde dei i kaldt vatn og sette dei til oppvask. Arbeidsbenken vaska eg godt. Kaka sette eg alltid inn i kjølerommet når eg ikkje jobba med ho, og den ferdige kaka pakka eg inn i eingongsemballasje.


Linda Hansen

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2019

Læringsressursar

Yrkesretta sjangrar